Kalv

1/13/2010

0 Comments

 
Det har kome ein ny kalv i dag! Rett før middag var der plutseleg ein liten svart og kvit kalv i lag med den største belted gallowaya. Mora er nest nest på rangstigen, men passer likevel godt på kalven, og let seg ikkje verte jaga vekk av kyrne med horn lenger. Ho stiller seg beskyttande mellom angriperkua og kalven. Men dei fleste vil jo anten berre forbi eller sjå og lukte på nykomlingen. Eg torer meg ikkje særleg nært, for ho var kanske så beskyttande og ville jage meg bort. Men eg fekk tatt nokre bilete. Eg veit framleis ikkje kva kjønn det er, håper det er ei lita kvige:) Har også tatt eit bilete av store meg (157 høg, men høygravid) vesiden av Dexter kyra Solveig, for det var nokon som ville sjå kor små desse kyrne er. Solveig er fullvaksen.  Lederkyra er litt større, men mest rundt magen:) Elvira derimot er ein god del mindre, og ho kal kalve når som helst!

Det ser ikkje ut som det kjem kanninunger desverre... Så når det vert litt varmare skal eg klippe Dia og settte henne i lag med hannen igjen. Det kan vere vanskeleg å få henne til verte gravid om vinteren, men det bør gå.

Elles har WWOOFeren kløyvd ein god del ved, eg og andre har hjulpe til litt, men det er stort sett det han har å gjere på etter fjøsstellet. Kosta heile fjøstaket har han også, så no er det litt reinare og koseligare i fjøsen, men det er ein fjøs og lukter og ser ut der etter. Neste år skal kyrne, geitene og lamane få lov å gå ut og inn slik dei vil.

Påfuglane har det med å sitte å vgle seg rundt om kring i fjøset, trur dei koser seg:)

Gler meg til at geitene skal få kje, dei er venta frå den 20 februar og utover. Det vil forhåpentlegvis seie at eg kjem til å få babyen min fyst. Dersom nokon vil kome å helse på kjea og resten av dyra i fjøset er det berre å seie i frå. Så kan vi sjå på kva de ynskjer å kva vi kan tilby:) Sveler og kosing med kje bør gå greit:) Spre gjerne det at vi tek i mot små grupper på besøk, annonsering i avisa er så dyrt, og erfaringa viser at få ser annonsa likevel... Legg gjerne igjen ein kommentar, eg svarer alltid.
 
Venter spent på eit kull til med angorakaniner, men så langt ingenting. Men ho har vorte ganske rund og god angorakanina , så eg trur nok der kjem nokre unger dei nermaste dagane.

Dei to ungane eg har som er 3 månadar no, har eg endeleg klart å sjå kjønnet på, og er no temmeleg sikker på at det er ei hoe og ein hanne. Dette er foresten dei mest tamme angoraungene som har kome til verda her, så er det noko angorakanin som passer som kjæledyr, så er det desse. Dei vert selt til dei første og beste som melder seg:) 400kr uten stamtavle, 500kr med, per sykk.
 
Då har vi henta tre påfugler, to haner og ei høne, alle på omlag 3 år. Vi fekk dei med eit snilt ektepar på Hareid, som skulle leggje ned besøksgarden sin. Flotte fugler som nyleg har fått full fjørdrakt. Dei bur i mjølkegrava i fjøset, men har teke seg ein tur inn til resten av dyra, sidan dei så absolut er flygedyktige. Kyrne var livredde dei, spesielt når ein av dei flaug opp og sette seg på ryggen til ei av dei:) Skulle hatt kamera da:) Men no har dei funne seg til rette i mjølkegrava, og held seg stort sett der.

Så no kjem her endeleg nokre bilete: