På garden har vi desse dyra
Lamaer, kyr, geiter, høner, kaniner, kalkunar, grisar, lamm og kattar. Har eg gløymt nokon? Plar gjere det i blandt, vi har det meste:) Ja shetlandsponnyen Hulda!
Lama
Vi har 6 lamaer.
Den første er ei hoppe som heiter Rosita 12 år gammal. Denne er brun og kvit og er ein tanke roleg av seg. Dottera hennar heiter Julianne.
Den andre er sonen til Rosita, Septimus og er ein heilt kvit hingst på 3 år. Han er kastrert.Vi har og ein hingst, kalla Dalai Lama, og to hopper til låns caramell og cocco.
Kyr, fleire raser, gråkolle og dexter
Vestlandsk fjordfe(gråkolle) Dette er den opprinnelege kyra for område, dette er ei trua storferase som vi er stolte av å vere med å halde i live:)
Dexter:
Miniku med horn. Vi har tre kyr, ei kvige, ein kvigekalv og to oksekalvar. Vi har og nokre mix kviger med dexter blod i seg.
Vi let ikkje besøkande gå inn til kuene, då dei er ein tanke store og skremmande for dei fleste. Men kusafari er populært:)
Høner
Kor mange høner vi har varierer sterkt, mykje grunna rovdyr og nyanskafne fugler, men vi ruger og ut kyllingar sjølv. Alle er trivlige dyr, og nokre kan finne på å ete mat frå handa di, eller springe rundt beina dine når du et mat for å tigge godbitar. Desse hønene gir oss få men nydelige egg, som ersett stor pris på av dei få heldige som får kjøpe dei. Rugeegg, kyllinger og høns skal det også verte mogle å kjøpe. Det fins ikkje noko betre enn høns i hagen etter mi meining. Dei er kjekke å følgje med på, et det meste av matrester, er lite arbeidskrevjane, og legger nydelige egg du kan ete med godt samvit.
Sjå bilete i galleriet:)
Vaktel
angorakaniner
Vi har ei reinrasa angorakanin, Martine. Dei er heilt kvite, og tame nok til at eg slepper dei lause i hagen når det passer seg. Dette vert dei einaste dyra som ikkje kan gå ut og inn som dei vil, for den kvite pelsen ville nok vorte umogleg for dei å stelle om dei fekk kome å gå som dei ville. Men dei skal ha meir enn god nok plass inne for å trivast.
Kasjmirgeiter
Kasjmirgeiter. Våre kjear nesten to gongar i året, dei aller fleste får tvillingar. Desse produserer litt nydelig kasjmirull, og gir meir kjøt en vanlege melkegeiter, men kan ikkje mjølkast. Desse er tame som hunder. Har du kraftfor vert du overent av geiter. Dei går saman med kasjmirbukken Elvis. Vi har og to mjølkegeiter og ei boer mjølkegeit mix.