-1 +1 02/08/2010
Då blei ikkje kalven betre. Såret berre utvida seg og viste berre teikn til forverring, jamvel vask og tørk med hårfønar to gongar om dagen. Ikkje kunne dyrelegen gjere noko meir heller. Så då bestemte vi at det var best å slakte kalven før den fekk feber, slik at kjøtet i vertfal kunne nyttast. Så då slapp kalven å lide meir. Vi skulle nok ha tatt livet av den før, men vi lærer jo av dette også heldigvis. Korleis såret oppsto til å begynne med er fortsatt ei gåte, vi har ingen teoriar som skiljer seg noko særleg ut... Dette hende altså på Laurdag. Tidlegare på dagen hende det noko som overaska oss veldig, sidan vi hadde reint gitt opp... Joda, Rosita, Lamaen vår, har fått ei lita dotter:) Vi kom ned i fjøset tilfeldigvis, og då var hovud og eit beinpar allereie ute. Men ho vart så stressa av oss, at vi fann det best å pelle oss ut å la ho gjere dette sjølv. omlag fem min. etter på kjika eg innigjen. Der hadde det rare dyret kome ut. Mest som ein drage. Tynne lange føter og eit hovud som den lange tynne halsen hadde problem med å løfte opp. Mot mora sin vilje fekk vi snike oss inn og plassert føllet på høy, og tatt vekk dei verste hinnene. Du skjønnar, lamane har så kort tunge, når så vidt forbi tennene, så ho kan ikkje slikke føllet reint. Dette er grunnen til at lamane alltid føder på føremiddagen, helst om våren, då det er meininga at føllet skal tørke i sola. Men det er reint lite sol i fjøset da, ikkje så varmt heller... Men vi har sett til det fleire gonger, det drikk av mor si og stabbar rundt på føtene inn i mellom, men for det meste berre kvilar det i høyet sitt. Vi håper denne vesle dama klarer seg bra, og vi kjem nok til å behalde henne:) Av fødselsvisitter har det både våre på besøk ei geit og påfuglar. Broren virka ein smule forfjamsa, og veit ikkje heilt kvar han skal setje beina. Vi tenkjer å halde ope når kjea kjem, slik at folk kan seie i frå på førehand, og kome å helse på dyra. Vi planleggjer også å klekke ut kyllingar, og dia, angorakanina venter også små, eller det håper vi i vertfall. Vi venter og ein kalv til kva tid som helst. Dersom eg klarer det vert det nok ope i mars, men eg ventar også baby, så det er dette det står og fell på eigentleg:) Sjuke og skada dyr 02/02/2010
Det har vore ein del styr med sjuke dyr i det siste. Det verste no er ein kalv som har vore dårleg i magen. Den har nokre sår som ikkje vil gro og har problem med å halde på veske, og er stortsett våt langt opp på rygggen. Den har vorte vaska fliere gongar, siste dagane to gongar om dagen. I dag vert den også tørka med hårfønar. Den er no stengt inne i lag med mora. Dersom såra ikkje betrar seg i løpet av dagen trur eg at eg vil kontakte vætrinæren. Kalven er i god form elles, så det heile er litt rart tykkjer eg... Elles har lamaen Rosita hatt augebetennelse, men har fått dråper mot dette, og er no bra igjen håper vi. Mora til den nyaste kalven har skada foten sin, ho fekk eit sår bake på foten. Men ho er også komt seg mykje, og vert nok heilt bra igjen. Så nå håper eg at dyra vert friske og held seg friske resten av sesongen. Det er bra vi er godt hjelpte no da:) Kjærasten til wwooferen frå Portugal kom i går, ho er frå Østerike. No nærmer det seg kjeeing for dei fyste geitene, sonn i slutten av denne månaden. Vi er ganske så spente! Samt Elvira, den minste dexterkua kan føde når som helst:) Det kan jo eg også, så vi har nok å tenkje på her for tida:) Kalv 01/13/2010
Det har kome ein ny kalv i dag! Rett før middag var der plutseleg ein liten svart og kvit kalv i lag med den største belted gallowaya. Mora er nest nest på rangstigen, men passer likevel godt på kalven, og let seg ikkje verte jaga vekk av kyrne med horn lenger. Ho stiller seg beskyttande mellom angriperkua og kalven. Men dei fleste vil jo anten berre forbi eller sjå og lukte på nykomlingen. Eg torer meg ikkje særleg nært, for ho var kanske så beskyttande og ville jage meg bort. Men eg fekk tatt nokre bilete. Eg veit framleis ikkje kva kjønn det er, håper det er ei lita kvige:) Har også tatt eit bilete av store meg (157 høg, men høygravid) vesiden av Dexter kyra Solveig, for det var nokon som ville sjå kor små desse kyrne er. Solveig er fullvaksen. Lederkyra er litt større, men mest rundt magen:) Elvira derimot er ein god del mindre, og ho kal kalve når som helst! Det ser ikkje ut som det kjem kanninunger desverre... Så når det vert litt varmare skal eg klippe Dia og settte henne i lag med hannen igjen. Det kan vere vanskeleg å få henne til verte gravid om vinteren, men det bør gå. Elles har WWOOFeren kløyvd ein god del ved, eg og andre har hjulpe til litt, men det er stort sett det han har å gjere på etter fjøsstellet. Kosta heile fjøstaket har han også, så no er det litt reinare og koseligare i fjøsen, men det er ein fjøs og lukter og ser ut der etter. Neste år skal kyrne, geitene og lamane få lov å gå ut og inn slik dei vil. Påfuglane har det med å sitte å vgle seg rundt om kring i fjøset, trur dei koser seg:) Gler meg til at geitene skal få kje, dei er venta frå den 20 februar og utover. Det vil forhåpentlegvis seie at eg kjem til å få babyen min fyst. Dersom nokon vil kome å helse på kjea og resten av dyra i fjøset er det berre å seie i frå. Så kan vi sjå på kva de ynskjer å kva vi kan tilby:) Sveler og kosing med kje bør gå greit:) Spre gjerne det at vi tek i mot små grupper på besøk, annonsering i avisa er så dyrt, og erfaringa viser at få ser annonsa likevel... Legg gjerne igjen ein kommentar, eg svarer alltid. Angorakaninunger 01/04/2010
Venter spent på eit kull til med angorakaniner, men så langt ingenting. Men ho har vorte ganske rund og god angorakanina , så eg trur nok der kjem nokre unger dei nermaste dagane. Dei to ungane eg har som er 3 månadar no, har eg endeleg klart å sjå kjønnet på, og er no temmeleg sikker på at det er ei hoe og ein hanne. Dette er foresten dei mest tamme angoraungene som har kome til verda her, så er det noko angorakanin som passer som kjæledyr, så er det desse. Dei vert selt til dei første og beste som melder seg:) 400kr uten stamtavle, 500kr med, per sykk. Påfugler! 01/01/2010
Då har vi henta tre påfugler, to haner og ei høne, alle på omlag 3 år. Vi fekk dei med eit snilt ektepar på Hareid, som skulle leggje ned besøksgarden sin. Flotte fugler som nyleg har fått full fjørdrakt. Dei bur i mjølkegrava i fjøset, men har teke seg ein tur inn til resten av dyra, sidan dei så absolut er flygedyktige. Kyrne var livredde dei, spesielt når ein av dei flaug opp og sette seg på ryggen til ei av dei:) Skulle hatt kamera da:) Men no har dei funne seg til rette i mjølkegrava, og held seg stort sett der. Så no kjem her endeleg nokre bilete: Fyste kua inseminert! 12/28/2009
I dag fekk vi inseminert Solveig, håper virkelig ho tar kalv. Hadde det ikkje vore for at oksekalven vart så ivrige på henne, så hadde vi nok ikkje merka at ho var motakleg i det heile. Håper eg kan skaffe meg okse til hausten. Har kome fram til at eg vil ha meg ein dexterokse utan horn. Så får det berre være at vi får ein del mixer. Ei ku på dexterstørrelse med den nydlege belted galloway pelsen hadde vore fint å fått fram:) Kanskje får vi selt dei, kven veit. Har ein WWOOFER her no, ein som arbeidar gratis mot kost og losji. Han ynsker å lære norsk og finne seg ein jobb i Noreg. Han er frå Portugal. Den hjelpa han gjev lettar arbeidet for meg volsomt. Det er han som står for det daglege arbeidet med dyra. Så no får eg slappe av meir med den veksande magen:) Har elles fått tilbod om 3 påfugler, 2 haner og ei høne, på omlag 3 år. Slike staslege dyr seier eg sjølvsagt ikkje nei til:) Dei bur på Hareid. Hadde planar om å hente dei med hestehengar, men den er ikkje vinterdekk på. Så anten må vi vente til vegane har tøya, eller så får vi finne på noko anna. Kanskje kan vi berre ha dei bak i bilen til mannen? Hanane får nok ikkje snudd seg da, men det er jo ikkje så langt heldigvis. Håper dei finer seg til rette her, dei kjem til å bu i fjøset til våren. kaninklipp 12/02/2009
Då har eg fått klipt alle kaninene. Dia er sett saman med Torvald igjen for paring. Ungane er leveringsklare, bortsett i frå det at eg ikkje er sikker på kjønnet. Her skal eg spørje nokon som har litt meir peiling enn meg, for eg vil ikkje levere frå meg noko med deil kjønn... Eg trur det er hoer, og er det det så får eg nok selt dei trur eg. Er det hanner får eg nok ikkje det. Får eg ikkje selt dei før dei er 5 mnd, så kan det hende dei vert slakta. Planen var å bruke skinnent til ei form ffor handarbeid. Ulla eg har klipt av skal eg forsøke å elje, samt eg har bestilt meg ei kardemasking. Så då skal eg prøve meg på toving i vinter. Samt eg må lære meg å spinne, å skaffe meg ein rokk. Eg har også tilbod om ein vev, så eit eller anna skal ulla bli til:) Eg tenkjer også å børste av lamane ein del ull, og prøve meg med denne ulla og. Eg må ta nokre bilete når eg har fått laga noko:) Er jo meininga eg skal selje noko av det etter kvart, men i starten vert det nok julegover:) Det er også mogleg at vi får ein WWOOFER på garden før jul. Det vil sei ein person som ønkjer å arbeide på garden mot kost og losji. Så då er det mogleg at vi klarer å ha ope før jul, det hadde jo vore flott:) Inseminør var på garden:) 11/25/2009
No har eg endeleg fått surra meg til å bestilt sæd til kyrne og kontakta ineminør. Tenkte det kom til å verte umogleg å feste kyrne i fjøsen, difor har eg kvidd meg slik... Men i dag var inseminør her for å sjekke drektigheit på dei tre kyrne og trudde kanskje kunne vere drektige. Eg hadde på førehand klart å lurt på alle kyrne halsband, og fekk rett og slett lurt inn ein kabinkrok med tau på, surra den nokregongar rundt forhekken og haldt igjen, medan inseminøren fekke sjekke om dei var drektige. Vist nokon ikkje veit korleis dette foregår, så er det kort forklart berre å putte handa inn i endetarmen på kua, og kjenne på livmora. Ei dexter ku, elvira og den største belted galloway kyra var begge drektige. Forventa termin hjå dei begge: under tre månadar igjen, noko nærmare var vanskleg å seie. Jippi:) Då har eg to reinrasa kalver på veg, og berre ei ku som har gått uanstendig lenge utan kalv. Var på nippet til å ringe dyrelegen i dag og i går. Elvira, den minste dexterkua var så slapp. Eg trudde fyst det var fødsel på gang, men det fekk to erfarne gardbrukarar avkrefta. Så no har eg lært å sjekke området ved halen, er den veldig slapp kjem snart ein kalv. Samt at normaltemperaturen på ei kyr er mellom 37,5 og 39,5 grader. Elvira hadde 38, 3 i går og 38,1 i dag, så ingen feber. Dessuten hadde ho kvikna litt til, åt mat og gjekk litt rundt før ho la seg att. Så reknar med at ho klarte seg sjølv, men vil følgje med på henne ekstra godt i nokre dagar, ho skal jo bli mor og alt:) Geitene stakk av ute, og geitene stakk av inne. Er spesielt eit kje som er spesielt reiselystent, kjem eg og skal fange det, spring det inn til lamane:) Men i dag var det ikkje ute, så kanskje har vi klart å sperre igjen alle hola som var store nok, eller så har den berre vakse:) Held på å hente noko gammalt høy hjå ein bonde i Åmdalen, får det gratis, og kyrne elskar høy, så det kunne vi ikkje seie nei til:) Så vårknipe vert det noko ikkje her i garden nei:) Har også ein del fjordårs siloballer vi har kjøpt og fått, så no får dyra plenty med mat. I all latskap vert det trilla inn to heile siloballer i gongen:) Det vil seie av min mann, hadde ikkje klart å rikke den vogna. Ikkje vil eg ha prøvd heller, sidan eg er over 6mnd på veg. Men det meste anna av dagleg fjøsarbeid klarer eg sjølv enda, takk og lov. Kjekk jobb å stelle dyra, ikkje spesielt tidkrevjande heller. Det er berre å leggje inn ein kommetar dersom du lurer på noko, eller rett og slett ventar på nyhender frå garden:) Då får eg e-post, og den sjekkar eg støtt og stadig, og svar får du:) Trykk på "comments" knappen. Nytt på garden 11/16/2009
No er alle dyra, bortsett frå hønene inne i fjøsen. Geitene derimot håper vi at dei held seg i nærleiken om eg let døra inn til dei stå opa. Har jo mest lyst at dyra mine skal nyte det frie ivet:) Geitene har laga litt styr for oss i det siste. I veka før vi endeleg fekk dei inn i føsen reiste dei på fjellet. vi såg dei trekte lenger og lenger opp i fjellsida, før dei vekk var. Så då måtte mannen på fjelltur å hente dei:) I fjøsen står no lamane i ein bås, men får besøk av eit kje som kjem seg ut av dei to båsane geitene eigentleg har til rådigheit. Planen er å bruke vinteren på å lære Septimus til å bære saker og ting i bæresele, samt kanskje også venne han til kjøresele og etter kvart vogn. Sida eg no begynner å få ganske bra gravidmage, er eg litt skeptisk til å feste desse selane på han. Så dette overlet eg til mannen. Men er bæreselen fyst på, er alt heilt greit, virker ikkje som den plager han på nokon måte. Prøver også å børste lamane litt, for å temje dei, gjere dei litt reinare og få tak i den nydlege ulla:) Utuleg kor mykje nydleg ull som løsnar ved nokre børstetak. Kyrne har delvis funne seg til rette i fjøsen. Dei har den store lausdriftsdelen for seg sjølv. Her er eigentleg plass til 14 mjølkekyr, og vi har 11 store og små kyr der. Nokre av kyrne, mine store Belted Galloway nektar plent å liggje i båsane, jamvel om der er både madrasser og strø til dei... Så skitne vert dei av å liggje rett på betongsvillane. Dette er golv med små mellomrom, slik at skiten skal kome ned til skarpeannlegget og deretter ned i gjennom luker eller vasslåser til gjødselkjellaren. Eg håper snart vi får klar ein del som no er avsperra, til å feste kyr som skal undersøkjast og inseminerast. Kan sei det slik at eg angrar litt på at vi har to forskjellige raser. Hadde vi hatt ei kunne vi hatt ein okse, og den ville ordna brasene sjølv... Ser mørkt på brunst (når kua er motakleg) registrering og inseminering. Kyrne går ikkje akkurat dit eg ber dei om å gå, og fleire av dei er alt for store til at eg klarer å drage dei... Til neste vinter ynskjer eg å ha belted Gallowayane ute. Trur dei har det betre slik. Men då må vi gjerde enda meir, samt opprette fast foringsplass med fast dekkje for å unngå gjørmebad og kanskje bygge eit enkelt husdyrskjul til dei. Angåande skjulet så håper eg at granskogen kan duge, men dette får mattilsynet bestemme. Det står at dein del nedvask i fjøsen. vi rakk aldri å få den så rein som vi skulle ynskje før vi slapp inn dyra. elles ventar eg på automatisk vatn til geitene, lamane og kyrne. Dette vil lette arbeidet ein del. Eg har desverre måtte slengt inn handkledet litt når det gjeld foring av kyrne. For no forer vi med siliballer, og det vert alt for tungt for meg, bekkenet nektar plent. Det er bra eg har ein mann som tek slikt på strak hand:) Kaninnene fekk 2 unger, dei begynner å nærme seg leveringsklare, men eg er ikkje 100%sikker på kjønnet. Dei er i vertfall av same kjønn, forhåpentlegvis hunner, for dei er det lettare å få selt. Grisane er sendt til slakteriet, dei fekk den beste klassefiseringa alle sammen, dvs unatt minigrisane som eg også sende med. Dei var enkelt og greit klassefisert som råne, med ein kilopris på omlag 5kr/kg... Har lyst å ha grisar igjen, men venter til denne svineinfluensa hysterien er over, og eg får lov å vise fram grisetryna igjen. Tenkjer å skaffe meg ei gammal norsk griserase, som dei har klart å avle fram att. Dei hadde vist noko nedfrose semin, og kryssa avkom fram av dette. Grunnen til at eg vil ha slike griser, er at slike kraftforslukande griser som den vanlege grisen i dag, ynskjer eg ikkje å ha. Er generelt negativ til kraftforbruk, og ynksjer i lita grad å ha dyr som er avhenging av det. Dei største forbruykarane per i dag, utan gris, er hønsene. Eg håper å kunne dyrke eit kvart som hjelper på dette neste år. Som de skjønner har vi framleis store planar:) Så då får vi berre vente å sjå kvafor planar vi klar Anguskua bestemte seg for å ta ein snarveg over gjerdet igjen, men i dag følgte alle dei ti andre etter. Dei hadde fått høy i den andre enden av beitet, men kom ikkje når eg kalla på dei... Ein stakkar forbipasserande fekk 11kyr etter seg, du får mi unskyldning her om du les dett, for eg såg ikkje kven det var. Må uansett vore ei skremmande oppleving... Store kyr og små kyr med horn, men dei er snilde da, aldri gjort oss noko, men det kan jo ikkje andre vite... Noko problem å få tak i dei var det ikkje, når dei fyst hørte kallinga mi og såg kraftfor bøtta... Ga bøtta til bror min som geleida dei gjennom innhegninga og heilt til høyet, kjempeflinke lisjebror:) Han sette opp gjerdet etterpå også, det eg gjorde der var vel berre å hjelpe han litt. Sidan geitene på død og liv skal inn i hønsehuset, fiksa vi det gjerdet også ein gong for alle. Kjem dei seg inn no, ja då flytter vi heile hønsehuset! Tok litt bilete i dag. Den skjeggete bukken heiter no Elvis, grunna dei store slengbuksene av hår og alle geite groopies han har. Kjempe kjekk bukk foresten:) Egga fekk eg i posten i dag, faverolles, jær og australorps. To av jæregga var så breie at dei ikkje fekk plass i maskina, så eg bytta dei ut med to av mine eigne. Tenkjer å leggje resten under ei klukkhøne, Mette marit. Dvs. Ho var ikkje klukk, men 4 egg i eit reir er meir enn kva ho klarer å sjå på utan å leggje seg ned:) Så eg håper at ho kan ruge ut nokre jær og sussexkyllingar for meg:) Alle kyllingane skal bu i mjølkegrava i vinter, der skal dei nok få det varmt og koseleg:)) Ulldotten inneheld to kaninunger som begynner å få pels. Grisane koser seg ute, og roter mykje meir i jorda no enn sist dei var ute. |
































RSS Feed