Det har ikkje kome fleire kje enda. Kjea var ganske små når dei fekk gå atmed bukken, så dei har ikkje blitt drektige før dei var klar for det. Det vil seie at eg kan forvente meg at det kan verte lenge mellom kjeeingane, samt at det kan trekkje ganske langt ut i tid. Men er jo like spennande å gå i fjøsen kvar dag då, for å sjå om der har kome noko nytt:)

Den siste kaninungen døydde også... Så no verte det feiting av mora før vi forsøker igjen.
 
Bileter til bloggartikkelen nedanfor, ville ikkje risikere at alt eg hadde skrive forsvann ein gong til, så då legger eg bileta i eigen artikkel i staden.
 
Då har fyste geita kjeea. Eit heilt svart lite kje, jamvel om båe foreldra er heilt kvite. Fødselen gjekk nok knirkefritt, for vi viste ingenting før det plutseleg var der. Det syg mora og har alt vore på oppdaginserd inn til lamane. Størrelsen er som ein liten katt, og dottera mi plukka opp kjeet og bar rundt på det ved fyste moglegheit. Det er eit geitekje, ei lita jente altså:)

Kanina Dia har også født, men to av tre døde. Kryp dei ut av reiret fora med ull, kan ikkje mora bære den på plass att slik som katter, og den vil fryse i hel, naken og rosa som den er. Jamvel om vi forsøkte å vvarme dei og leggje dei tilbake, døydde altså to. Så no håper eg sistemann klarer seg...

Lamaføllet har fått namnet Julianne etter faren Julius. Ho er tam som ein hund, kjem bort til oss og slikker oss i ansiktet. Når ho er ute og spring på glattisen treng ho mange meter på å bremse, omtrent s
 
Då har eg fødd ei lita jente, namnet hennar er Saga. 3660gram og frisk:) Ho kom til verda 07.13 onsdag morgon.

Så her i garden er det føde tid no:) Geitene er venta skal byrje å få sine små i slutten av denne månaden, kyra Elvira når som helst for dato har vi ikkje på henne, Dia, angorakanina om ca ei veke.

Lama føllet har blitt utruleg sprekt, og har tilogmed fått leike seg ute i snøven og inne med geiten. Eit verkeleg sjarmtroll som kan finne på å leggje seg ned i høyet saman med deg, det gjorde ho med mannen min:)

Elles driv mannen min å heter meir fo, vi måtte kjøpe inn meir atter ein gang, vi fekk så alt for lite frå markane i fjord. Til våren skal vi så oppatt så mange markar som vi rekk, samt nydyrke eit område til kjøkkenhage. såp då
 
Då blei ikkje kalven betre. Såret berre utvida seg og viste berre teikn til forverring, jamvel vask og tørk med hårfønar to gongar om dagen. Ikkje kunne dyrelegen gjere noko meir heller. Så då bestemte vi at det var best å slakte kalven før den fekk feber, slik at kjøtet i vertfal kunne nyttast. Så då slapp kalven å lide meir. Vi skulle nok ha tatt livet av den før, men vi lærer jo av dette også heldigvis. Korleis såret oppsto til å begynne med er fortsatt ei gåte, vi har ingen teoriar som skiljer seg noko særleg ut...

Dette hende altså på Laurdag. Tidlegare på dagen hende det noko som overaska oss veldig, sidan vi hadde reint gitt opp... Joda, Rosita, Lamaen vår, har fått ei lita dotter:) Vi kom ned i fjøset tilfeldigvis, og då var hovud og eit beinpar allereie ute. Men ho vart så stressa av oss, at vi fann det best å pelle oss ut å la ho gjere dette sjølv. omlag fem min. etter på kjika eg innigjen. Der hadde det rare dyret kome ut. Mest som ein drage. Tynne lange føter og eit hovud som den lange tynne halsen hadde problem med å løfte opp. Mot mora sin vilje fekk vi snike oss inn og plassert føllet på høy, og tatt vekk dei verste hinnene. Du skjønnar, lamane har så kort tunge, når så vidt forbi tennene, så ho kan ikkje slikke føllet reint. Dette er grunnen til at lamane alltid føder på føremiddagen, helst om våren, då det er meininga at føllet skal tørke i sola.

Men det er reint lite sol i fjøset da, ikkje så varmt heller... Men vi har sett til det fleire gonger, det drikk av mor si og stabbar rundt på føtene inn i mellom, men for det meste berre kvilar det i høyet sitt. Vi håper denne vesle dama klarer seg bra, og vi kjem nok til å behalde henne:) Av fødselsvisitter har det både våre på besøk ei geit og påfuglar. Broren virka ein smule forfjamsa, og veit ikkje heilt kvar han skal setje beina.

Vi tenkjer å halde ope når kjea kjem, slik at folk kan seie i frå på førehand, og kome å helse på dyra. Vi planleggjer også å klekke ut kyllingar, og dia, angorakanina venter også små, eller det håper vi i vertfall. Vi venter og ein kalv til kva tid som helst. Dersom eg klarer det vert det nok ope i mars, men eg ventar også baby, så det er dette det står og fell på eigentleg:)
 
Det har vore ein del styr med sjuke dyr i det siste. Det verste no er ein kalv som har vore dårleg i magen. Den har nokre sår som ikkje vil gro og har problem med å halde på veske, og er stortsett våt langt opp på rygggen. Den har vorte vaska fliere gongar, siste dagane to gongar om dagen. I dag vert den også tørka med hårfønar. Den er no stengt inne i lag med mora. Dersom såra ikkje betrar seg i løpet av dagen trur eg at eg vil kontakte vætrinæren. Kalven er i god form elles, så det heile er litt rart tykkjer eg...

Elles har lamaen Rosita hatt augebetennelse, men har fått dråper mot dette, og er no bra igjen håper vi.

Mora til den nyaste kalven har skada foten sin, ho fekk eit sår bake på foten. Men ho er også komt seg mykje, og vert nok heilt bra igjen.

Så nå håper eg at dyra vert friske og held seg friske resten av sesongen. Det er bra vi er godt hjelpte no da:) Kjærasten til wwooferen frå Portugal kom i går, ho er frå Østerike.

No nærmer det seg kjeeing for dei fyste geitene, sonn i slutten av denne månaden. Vi er ganske så spente! Samt Elvira, den minste dexterkua kan føde når som helst:) Det kan jo eg også, så vi har nok å tenkje på her for tida:)