Elvira, som er den minste av dexter kyrne, har fått ein liten oksekalv. Eit lite, søtt og heilt svart lite nurk. Ronja fekk tilogmed gå inn i kalvebingen og klappe den ei stund før den stakk av:) Fødselen gjekk heil ubemerka for seg, igjen. Bortsett i frå at mora hadde brystspreng i mange dagar før ho fødde. Det var så gale at eg ringde vetrinæren, fekk vite at det var jo heilt vanleg før kalving, som sjølvsagt fekk meg til å føle meg ganske dumm og uærfaren.golvet i .. Jaja, det er jo slik eg lærer, men trur vetrinærane vert ganske leide av meg etter kvart...

 I samme slengen  spurte eg om korleis eg best kunne få kyrne mine reine. Slepp dei ut i snøven sa han, bruk helst ikkje vatn. For det har seg slik at belted galloway kyrne, som er langhåra og ofte legg seg på spaltene i staden for på dei reingjorte mattene, har blitt grueleg skitne. Plager ikkje dei, men eg vil ha reine vakre kyr.... Så då slepte vi ut kyrne, og dei storkosa seg! Ei 700kg kyr som hopparog sprett er ganske morosamt å sjå på:) No har dei fått gå inn og ut som dei vil i mange dager, og er litt reinare, men ikkje reine nok akkurat... Vi vert desverre nøydde til å stenge dei inne att snart, då snøven smeltar og dei vil trakke sønd marka og lage gjørme på tunet om ikkje...

Dei svært så flygedyktige påfuglane har også turt seg ut, sida dei går lause i fjøset. Men dei likar seg her, og har haldt seg atmed hønene:) Fuglebinge er under konstruksjon i fjøset. Der skal påfuglane og hønene flytte inn. Vi vil ta eit hol i veggen, slik at dei kan kome seg ut i friluft:) Eg har hønseegg i rugemaskina, og kyllingane skal nok inn her dei også. Håpe er påfuglegg av egne påfugler, samt det kan hende eg kjøper nokre gullfasan egg og andre spennnde fugler(men dette er hemmelig, så ikkje sei det til nokon:) ). Det er god plass der, og med 2 mål utegard får dei nok boltreplass. Spørsmålet er om flygedyktige fuglar held seg her, eller ei. Må vengjeklippe dei om dei ikkje gjer det, men håper jo eg slepp det da, for eg vil helst sleppe det da... Får merke dei og prøve, påskikkelig lillian vis, prøve og feile:) Tanken er at det som veks opp her, blir her, men om noko skremmer dei kan jo fuglane ende opp i granskogen eller lenger vekk, men det er jo eit forsvar mot rovdyr å kunne flyge og.

Tanken er å ha ope i påskehelga, men det kjem eg tilbake til:) Håper kyllingane klekker, og at vi får fleire kje! Tenkjer å kjøpe inn fairtrade sjokolade og nokre andre fairtrade kioskprodukt. Noko matsal skal vi ha, i vertfall sveler. Noko brennebrus kan vi også skilte med:) Håper at eg får ei avtale med nokon som kan kome med hest og vogn. Påskeegg-leiting? Kom gjerne med ønske om aktivitetar eller liknande, treng gode idear!