Ja no trur eg han slapp til litt:) Litt uerfaren hannen, men eg tur han får jobben gjort skikkelig i løpet av eit par dager, så da venter eg på små kaninbarn om ein liten månad:)

 

Då har eg klipt begge angorakaninene mine. Skulle eigentleg få hjelp av ei, men eg må berre ta slikt på innfall når eg har tid og lyst:) Trur det gjekk nokelunde bra, men dei ser jo litt skammklipte ut da... Eg skal ta bilete av dei seinare i dag og leggje på galleriet, tomt for batteri i kameraet som vanleg... Tenkte eg kunne pare kaninene med det same, men den tanken lika ikkje Dia ho kanina mi, ho berre spring frå Torvald... Han kom ikkje nær ho i det heile når dei "leik sisten" på platten vår... Gav dei litt mindre springsplass då eg sette dei i lg i eine buret, men han har framleis ikkje sluppe til... Håper han får gjort jobben sin i løpet av vekam slik at eg får meg nydelige angoraunger til somaen:)

No har eg veldig mykje nydelig angoraull, så da bør eg snart lære meg å spinne... Korleis dette går skal eg skrive om i etterkant, kan tenkje meg eg er ein tanke for ut

 

Eg har bestilt to belted galloway kyr med kalv, og kyrne skal etter planen også vere drektige når eg hentar dei i midten av mai. Dette vert dei desidert dyraste dyra eg kjem til å kjøpe på ganske så lenge, men eg håper dei gir avkasting ved livdyrsal om halvanna år. Kor mange eg vil ha i min eigen flokk er framleis usikkert, eg må fyst finne ut kor mange dyr eg har forgrunnlag for. Sidan desse kyrne berre skal få grovfor som høy og silo, samt litt handforing med kraftfor, treng vi mykje grovfor per ku. Dei skal også gå ute heile året, med tilgang på skjul, så vi håper dei kan få tak i det meste av for sjølv, slik denne rasen plar gjere.

Eg gler meg veldig til å hente dei! Men fyst må vi ha klar ei inngjering til. Vi skal søkje om SMIL midlar frå kommunen. DEtte kan gje litt støtte til gjerder og skoging av beiter, og det treng vi, for gjerde er dyrt. Omlag 70 000 vil gjerda vi set opp i år koste oss. Utan støre

 

Eg har foresten måtte tatt livet av den største hanen min. Han har skremt dottera mi noke så forferdelig, og andre, at den ikkje var noko å samle på. Slike dyr vil eg ikkje drive avl på. Han tok rett og slett jobben med å passe på hønene sine litt for allvorleg. Men Stinky, min vesle litt gule hane, har teke over jobben. Han begynte å prøve å gale litt dagen etter Børre forsvann. Håper han gjer ein god jobb med å gjete hønene sine i framtida.

Har også fått tilbod om 3 jærhøns, og er no på leiting etter ein hane til dei:)

 

I dag drog eg, håvard og Gunnhild, systa til håvard, og Ronja på tur med alle lamane. Rosita var ein smule treg som vanleg, og vi lurer på korleis vi kan ta med ein av hingstane  på tur uten henne...

Julius klarte å kome seg laus frå tuauet som er festa til han med ein kabinkrok, korleis denne løsna er framleis uvist... Noko styr blei det når vi skulle feste tauet til grima igjen. Håvard prøvde seg som cowboy og kasta lasso. Sterk kar han Julius, vi må trene han opp til å bære kløv snart...

Stadig folk som stikker innom for å helse på lamane, berre hyggelig det:)

 

No er den nye innhegninga til lamane ferdig. Dei får gå inn i fjøsen om dei vil, men dette er tydelig vis ikkje intresant, så no søv dei også ute. Det er tydelig at dei storkosa seg i fineveret.

For oss tobeinte er det bråtebrenning vi held på med. Ingen av markane blei klipte i fjor, noko som gjer at det er mykje tørt daudt gras som ligg i vegen for nyegraset. Vi kjem til å brenne alle markane som ligg på nedsida av vegen. Då desse har elv på nedsida, avskjeringsgrøfter mellom seg og vei over, er dette ganske trygge marker å brenne. Jamvel om det likevel er ild vi leiker med...

Hønene har lenge no verpa ekstremt lite, 3 egg på 9 høner per dag. Men i dag kom der 6 egg. Ingen heilt kvite egg har vorte verpa frå påske og fram til no, så mykje tyder på at mine italienera no er for gamle og må byttast ut.

 

Neida, ikkje utegard til lamane i dag heller... Når tråden var tredd og alt var klart, straumen tilkopla, så fekk ein berre så vidt støyt på omlag ein meter tråd... Håvard fe prøve å fikse det i morga, det greie han sikkert:) Gler meg sonn til å sleppe dei ut!

 

I går og i dag har eg, mannnen, fedrane vore og min veslebror snikra gjerde. Tanken var at lamane endelig skulle få litt fri frå båndtvangen. Problemet var berre at dei blei så gira på fridommen i det varme vårveiret, at dei hoppa glatt overt gjerdet... Septimus, ungfolen  av ein lama var fyst ute, kjapt etterfølgt av hingsten Julius. Dette hadde vore nydlege bilete der dei to galloperte i ei uhorveleg fart bortetter vegen og blei vekke i solnedgangen.. Rosita blei heldigvis igjen innen for gjerdet. Vi fanga henne og venta i eit knapt minutt før dei to ville hingstan kom galloperande tilbake. Septimus flug over gjerdet på ny, medan kongen Julius ville springe inn porten.

Vi hadde etter det null prioblem med å få dei inn i fjøsen att, sidan flokk innstinktet deira plasserer dei nært hoppa Rosita som vi leida i band. Men gjerdet må nok forlengast med omlag ein halvmeter... Vi lærer så lenge vi lever:)