Måtte berre take bilete av kjea, dei fekk kraftig sovemedesin før kastreringa, og dei låg så pent på rad. Når dei kvikna til var dei lke fine att:)
 
Vi har hatt gebursdagsselskap her, og vi har hat både skule og barnehage besøk siste veka, så no tek det av her:) Har fått fleire bestillngar på besøk og. Dersom det er nokon som vil kome å sjå, eller feire noko og bruke garden til det, er det berre å ta kontakt:) Det har vore veldig vellykka, og ungane har storkosa seg med dyra og eting i høyt i fjøset eller grilling av pølser på bålplassen vår:) Vi har også kjøpt lavvo 25 manns, 7,5 meter i diameter, og vi skal bygge platt å setje den på. Det tek nok vel ei veke eller to å få opp lavvoen, men når den kjem opp vert den også tilgjengeleg for besøkande, så da gjer det ikkje så mykje om det regnar:) Gler meg slik til å få den opp, kjem til å verte så koseleg!

Vi har fått vaksinert kjea og kastrert bukkekjea, så no vil dei etter kvart verte dugande kjeledyr:) Minste oksekalven har fått fjerna horna, og den største har eg avtale med kjøpar på.

Eg tenkjer å ha ope annakvar søndag i sommar, frå når lavvoen er klar. Samt ei heil veke i fellesferien. Eg tenkjer også å leige inn hjelp når vi har ope søndagane, omtrent 3 timar annakvar søndag, og den veka vi skal ha ope. Så dersom nokon kunne tenkje seg denne jobben, er det berre å ta kontakt:) Arbedet vil gå ut på å stå i kiosken og å vise folk dyra.

Vi har kjøpt oss gjødselspreiar... Fine greier det... Men eg kan ikkje rygge, og slett ikkje rygge med hengar! Har nesten fått teken på å kjøre framover med den, men nokon som knauda meir med å rygge den på plass under møkkapumpa skal du leite lenge etter... Må vel lere det snart vel? Det positive er jo at vist eg lerer meg å rygge med gjødselspreiiar, så klarer eg sikkert å rgge med alt anna og. Er eit hol i vegen ein må unngå på den eine sida, og ein gammal traktor på den andre, og joda, pumpa må jo treffe innafor ein radius på ei 20cm... er foresten imponert over den gammle massey ferguson 135 traktoren, ikkje har den tak, handbrekk eller startmotor som funker, men den går som ei klokke etter vi har trilla den i gang! Elles hadde vi aldri fått ut gjødsla... Vel då må eg berre lære meg å rygge da...

Då er de vel fryktelig nyfikne på kva nye dyr eg har fått meg no? Hihi, tenkte meg det. To små søte, spretne SKOGSMUS:) Dei klatrar opp i kraftfor bøttene, og kjem seg ikkje utatt. Så da putta vi dei opp i eit gammalt hamsterbur. For slapp vi dei ut, endte dei rett opp i bøtta natta etter, joda, vi prøvde det også. Tenkjer ikkje å behalde dei for alltid, der er ei ugle i skogen som nok har behov for litt mat, så vi slepp dei nok til slutt ut det, laaaaaaangt frå fjøsen. Men dei er litt for søte og leikne til å verte slepte lause helt enda. Så har d
 
Då har det kome to kje til, enda to bukkekje. Det vil sei at til no er totalen 3 geitekje og 7bukkekje. Vi har enda ei geit som ikkje har kjeea enda, men veit ikkje om eg har så store forhåpningar der... For det er den geita som stikk av heile tida, og er mykje meir saman med lamane enn geitene, så jammen om eg veit om ho er drektig eller ei... Får eg ikkje selt den til nokon som ynskjer ei geit som er flink å klatre, så ryk ho nok til slakteriet med bukkekjea til hausten. For geitene kan lære av ho, og verte like nautete til å stikke av dei og, så eigentleg skulle eg ha tatt ho for lenge sidan...

Elles hadde vi eit tilfelle av eit kje som var dårleg i magen, og tilstoppa bak. Den fekk seg eit varmt bad i ei sinkbøtte med varmevatn og grønsåpe, for å ende spa-opplevinga i ein mjuk frotte handduk:) Trur den kjem til å greie seg fint:)

Dersom nokon treng beitepussarar, så har eg no  geiter med kje for sal:) Annonse ligger ute på finn.no. Der har eg også avanter oksekalven, den elste, og det virkar som eg skal få selt han snarleg, og det trengst, for han byrjer å verte litt for gammal t
 
Sa ikkje eg at det var vår no??? Over 40cm snøv her no... Vi var omtrent klare til å pløye og så vi... Veit jo at det reiser fort når det fyst begynner da, men huff kor deprimerande. Går jo ikkje and å gjere noko av det ute vi hadde tenkt! Vel i dag skal vi bruke tida inne til å klippe klauvane på resten av geitene. Lurer på om vi greier å klippe Elvis, vi tre jentene alene.  Må jo snuastpå ryggen.... Jo det er sant, vi har no to jenter her, to woofera, ei frå tyskland og ei frå USA, dei er begge på miin alder og kjempe flinke i å ta i et tak:)

Det har kome fleire kje også, vi har no totalt 8! mangler berre 3. 3 fyste geitekje og dei 5 site bukkekje. Den kvite og svarte er ein bukk. Den er så fin at det er fristande å kastrere den og beholde den:)

Elles har vi fått bestillingar på to bursdagsselskap, eit skulebesøk og ein barnehage som vil kome med ei gruppe:)
 
Picture
I dag drviver vi å tek ned eit gammalt hjortegjerde. Det blei bygd for  å halde hjorten unda markene. Det fungerte vist i eit års tid, før dei lærte seg å gå på vegen og inn til markane den vegen... Så då blei problemet like stort... Etter det har dei fått forfalle, og dei fleste ligg vassrett på marka, med meir eller mindre straumstreng på seg. Fleire av strengane ende inn i høyriva i sommar, akkopanjert med meir eller mndre høglytt banning.... Forferdelig vanskelig å få ut att, og bøygd rive...Så no tek vi det ned. Då vert det lettare å ta kantslåtten også, for gjerdet er sett eit stykke inn på markane. Så kanskje får vi meir for og, om der ikkje berre er stein då under alt det gamle graset. Stolpane og strengen skal vi bruke tl å dele opp det store beitet vi bygde i fjor. Det er betre for både beite og dyr. Det vert mindre innvolsorm og dyra beitar betre på flere vekstar om dei har mindre plass.

Då eg haldt på med dette fann eg noko. Ein ein steinvegg som har tilhøyrt eit kraftverk som Ola bygde her for mange herrens år sida. Litt av en kar, alt skulle vare, så han settje om hesjastaur av metall og betong. Nestemann som ikkje skulle hesje lenger, måtte bruke karftige maskner, og eg har høyr dynamitt, for å få dei bort att. Så dei sto i vertfall has tid, ikkje snakk om å ta opp og ned hesjastaur kvart år, det er jo bortkasta tid:) Men kraftverket er i ei sørgeleg forfatnng, men bra nok til at eg byrjar å drøyme. Det ligg litt bort i frå elva sitt løp, og har ein kanal som går frå elva, bort til kraftverket, og tilbake til elva. Det heile er så lite generande for menneske og dyr som det går and vil eg tru:) Draumen var jo sjølvsagt å restaurere det. Den som berre hadde løyve til å gjere det, (gammal utside, moderne innmat), tid og peiling på slikt:)
 
Då fann endelig påfuglane ut at det gjekk and å gå ut den luka vi har laga til dei på veggen. Dei gjekk rundt på tunet lenge, før dei gjekk rundt huset, opp i den komande kjøkkenhagen, ein liten skogstur og opp på altanen vår! Men i motsetning til dei to hønene og hanen som gjorde det same, klarte dei ikkje å finne vegen inn i fjøset igjen. Dei snara rundt fjøset lenge, før det blei mørkt og dei fann seg ein eller anna stad og tilbringe natta. Om morgonen gjekk dei inn til geitene, for der er døra opa. Etter eit lite basketak fekk eg fanga dei og sluppe dei inn igjen til hønene.

Å sjå korleis forskjellige dyr reagerar på kvarandre er veldig spennande å følgje med på. No står kyllingane slik til at kyrne kjem veldig nrt dei, og kan stå og sjå på dei lenge om gangen:)
 
I dag sov Saga (2mnd) leeeenge i vogna si. Då fekk eg rydda litt rundt huset og på tunet. Tunet der vi hadde dyra i sommar, eer fult av kvist. Restar av kvistar vi fora dei med. Så eg samla i hop ein god del av desse, klart til brenning. Raka vekk ein god del daudegras også. Du skjønna, lamane et ikkje gras som veks i nærleiken av der dei skit, så her bvlei høgt gras i haust. Dungane med møkk freista eg og å få spreidd. Føler eg kom godt i gang, men der gjenstår ein del timarenda...Kosellig arbeid, i eit vær som skifta frå sol til vind og regn medan eg dreiv på.

Eg har laga til ei facebook side. Der eg skal seie i frå om nyhende på heimesoda, og når vi har open gard. Søk den opp å bli medlem:) Erdalen gard heiter den.

No begynner det å verte så  tørt på markene at vi bør begynne å pøye snart. For vi har store planar om å så oppatt ein del av markane i år. Men ingen av oss har rørt ein plog før, så dette kan verte morsomt...:) Vi har funne oss ein toskjers plog vi skal kjøpe, og vi har ein einskjersplog frå før. Grunnen til at vi kjøper ein ny, er at det går mykje raskare med ein toskjers plog, og det skal være lettare også. Men i kjøkkenhagen kan det hende vi bruker den gamle, om vi får den til å verke, sidan der er så bratt og har ein del store steinar.
Så vidt eg har forstått det innebær det mykje utstyr for å så oppatt... Fyst må ein kalke og spreie møkka. Til det treng ein ein møkkaspreiar, som vi må kjøpe, og kalken kjem vi til å spre for hand, frå skuffa i traktoren.
Etter det må ein harve. Trur det skal jamne ut og drage fram stein. Vi har ei harv, men veit ikkje om den duge, får nesten prøve oss fram...
Etter det må ein plukke steiner for hand, eller gå over med steinrive. Riva samlar i hop steinane, slik at ein kan plukke dei opp, eller løfte dei opp med noko, og kjøyre dei vekk.
Da trur eg vi kan så, eller gå over med harva for å jamne ut att fyrt. Vi håper å få lånt oss ei såmaskin. Etter såinga må vi gå pover med ei rulle, som vi også må låne.
Etter det må vi berre håpe på bra vær, og ikkje frost. Så "vips" har vi ei nysådd mark.

Så då får vi sjå da om dette går bra, dyra må jo ha mat, så gra
 
Då er den opne dagen vel overstått:) Her var over 90 besøkande, og vi er vel fornøgde vi. Men det var nok ein del som ikkje hadde fått det med seg, det var fleire som nemnde at det var litt dårleg annonsering. Så dette må eg gjere noko med til neste gang.

Vi lurer på å ha ope neste søndag også, men problemet er fluger. No er det så varmt at det vert fleire og fleire av dei, og da vert det lite trivleg i fjøsen... Det går jo and å kjøpe ei flugefelle, men ei slik elektrisk er jo svindyr... Nokon som veit om  andre middel som kan vere effektive?

Vi må uansett setje oss ned  planleggje når vi skal ha ope i søndag. Lurer på å halde ope ei heil veke i fellesferien, men burde kanskje ha ope kvar dag, men veit ikkje heilt korleis vi skal ordne det praktisk... Har jo to unger å halde auge med.

Eg ser at eg må kjøpe nokre glasklokker, til å ha over sveler og kaker, så folk ser kva vi har å tilby:)

Bileter må eg leggje ut, må berre få dei frå fotograf Åge
Eg tek gjerne i mot ris og ros om dagen, kom med det:)
 
I dag kom fyste bukkekjeet! Heilt kvitt, og sprekt:)

Har lagt til eit forum, med fleire underforum. Ta deg ein tur dit, eg krysser fingrane for bra aktivitet. Eg vil alltis svare på ting

Har du lyst å få ein e-post kvar gong eg oppdatterar sida, skriv ein bloggartikkel og dag og tid for neste open gard? Send ein E-post til [email protected], og skriv "gardspostliste" i e-posten. Då fører eg deg på lista. Eg håper at mange melder seg på lista slik at eg effektivt får ut nyhendene her i frå:)