Då er kyrne, lamane og geitene på beite. Daglige oppdatteringar av gjerdet har ikkje så langt klart å halde geitene inne... Graset er jo sjølvsagt grønare på andre sida... Det kan hende vi må ha straum på det, men håper å sleppe det da...

Vi er ferdige med platten som lavvoen skal stå på, og held no på å barke trea som skal vere resverket. Vi håper å ha den klar til søndag, då dottera vår skal døypast da, har litt lyst å ha feiringa ute.

ja kva dyr har eg no dråge til gards da? Gåte: Legg egg, lker å bade og ete sniglar, og har ein veldig stor og hårete navnebror? svar baklengs:
dnasuksom

Veldig tame, Dottera m har alt bore den eine mange gongar, samt begravd den i gras. den andre kan "knipe" litt om det vert for mykje. Dei har fått namnet Anna og Janna etter wwooferane her:) Anna er den med svart hovud, janna er den tame med kvitt hovud.