Picture
Fystkomande søndag opnar vi for sesongen, og planen er å halde ope kvar søndag fram til fyste søndag i september, 12-15. 50 kr per person. Kom å sjå kafèn som blei opna på tampen av forge sesong, her serverer vi nydlege sveler, kaffi og anna godt:) Det er fritt fram å ta med grillmat, for vi har grill både innei lavvoen og ute i friluft:)

Den svarte og kvite geita har kjea att! eit kvit og eit som er mest svart. Nokon som har namneforslag? den svarte er bukk og den kvite er geit, 2,5 veke gammle:) Ser eg manglar nærbilete, men det skal eg fikse:)

Dolly har endeleg greidd å ruge ut andunger, 3 stk, så då vart namna sjølvsagt Ole, Dole og Doffen:)

Elles er kyrne kome fram på setera, etter nokre veker med å gjere gardskjæringa galen med å stikke av heile tida.... Grønare på andre sida av gjerdet ja....

Kaninene er frittgåande for tida, men Martine angora går and å få tak i heldigvis. Det siste marsvinet er også frittgåande, men no er eg redd det er forsvunne, for det er fleire dagar sida eg har sett det. Mannen påsto at han såg det her om dagen, så eg håper det berre leikar gjømsel...
Picture