No har vi fått oss ei SN kvige, sida trønder og nordlandsfe. Nydelig! Ho skal kalve i haust. Planen er då at ho skal verte mjølkekua mi. Eg må høyre med mattilsynet kor vansklg det er å få godkjent sal av mjølkeprodukt, for vist ikkje vert det berre til privat bruk... Men planen er at ho skal vere så tam at folk skal få prøve seg på handmelking:) Ho er alt veldig tam, tamaste av alle kyrne mine. Men ho er ikkje så lett å få tak i, ho må gå litt i trongsteg, og då er det ikkje noko problem å ha på ho grime og leide ho. Men ser ho ein utveg, spring ho. Så vi øver litt kvar dag, ho står inne i fjøset til vi er nøgde med dette:) Vi kan jo opne døra etter kvart så dei får lufte seg på tunet.

Ja eg skreiv dei, den andre er ein dexter oksekalv. Denne skal bedekke alle kyrne i haust er planen, men han er litt liten så han må forast godt. Men det spørst om ein del av kyrne og kvigene blei drektige av den største oksekalven eg hadde, jamvel om han var langt i frå året gamal, men han var stor for alderen trur eg. Så dette må sjekkast ut. Det er ikje så mykje gale om han har gjort nokon drektige, men det verste er jo om han har gjort mora drektig... Går det bra, og kalven vert velskapt, kan den ikkje gå til noko anna enn slakt, og er det ei kvige er jo det litt synd. Men eg skal ikkje ta sorgene på forskot, det er jo ikkje sikkert at ho er drektig.

Geitebesj... Noko av det minst trivelige synet eg møter om morgonen er besj på altanen, masse besj. Då har nokre av geitene bestemt seg for å sove der om natta... Så eg forsøker å oppgradere gjerda. Vi har alt hatt straum på ein del, steinsett botnen o.l. Men dei finn heile tida nye stadar å stikke av...  Får berre fortsette med oppgraderinga til dei held seg der dei skal! Dei kan gå så langt opp i skogen og heilt til fjells om dei vil, men hagen og dyrkamarkene trekkjer meir på dei ser det ut til...

Eg har lova på facebook at vi skal skaffe oss fleire kaninier om vi får 500medlemmer på sida, som heiter erdalen gard. Då gjer vi det samae som vi har gjort med påfuglane og endene, gjerdar inn eit revehus. Då kan folk gå inn og setje seg saman med kaninene, og om ingen skremmer dei og spring etter dei, så vert dei nok så tame at dei kjem bort til deg så du får klappe dei og plukke dei opp. Det er i vertfall planen:)

Her kjem nokre bilete. Vi trudde fuglen du ser på eine bilete var ein spurvehauk, glade blei vi når den begynte å sei "ko ko, ko ko". To stykker som held oss med selskap svært så ofte:)
 
Ja da forsøker vi å ha ope igjen på søndag, forge laurdag regna bort og få ville kome. Men no på søndag håper vi på finevær, og er det styggevær har vi alltids lavvoen, veldig koselig å sitje inne i den når vinden ule:)

Born tilogmed fjerde klasse kan få sitje på Rosita, og kanskje ride ein liten tur:)

Elles er det litt stille her no på bloggen. eg bruker tida mi på å jage og lokke geiter og alle andre dyr inn der dei skal vere. Nokon skal alltid stikke av, og kvar gong eg fikser noko med geitene finn dei alltid ein ny plass å gå ut av gjerdet... Det er ikkje i seg sjølv så farleg, bortsett frå at det vert så vanskleg å halde det reint rundt huset...

Endene har fått seg ei ny innhegning, vesiden av påfuglane. Håper dei koser seg der, og at vi begynner å finne egg igjen! For eg trur dei har gøymt dei vekk no leeeeenge...

Kylling! Dei to hønene som låg å ruga, har klart å ruge ut ein kylling og i vertfall eit par til er på veg, håper det går bra:) Eg samla dei egga eg hadde trua på under den lyse sussex,. Så lag eg to påfuglegg under Mette Marit! Håpe håpe, fire veker frå i dag, håper eg det klekker ein kylling:)

Skal og leggje nokre egg i rugemanskina snart, venter på nokon frå Oddvard Marøy, var foresten han eg fekk Mette Marit i frå, Takk:)

Eg har lovd på facebook at ef skal kjøpe fleire kaniner, litt meir kosevenlege kaniner, som skal ha eige revehus med innhegning slik som påfuglane. Slik at store og små kan gå inn dit og sitje og kose med dei, om kaninene vil sjølvsagt:) Men vi må ha 500 medlemmar på sida på facebook fyst! 295 mangler, sei i frå til venar, kjende kolegaer og alle andre:) Sei i frå på facebook til alle venner:) Grunnen til at eg ynskjer medlemmer der, er at det er veldig enkelt å få ut at vi skal ha ope, og kva spesielt som skjer om de vert medlemmer på facebook. Sida heiter enkelt og greit Erdalen Gard. Berre og skrive til meg der også,
 
Takk for alt besøk på forge søndag:)

Til helga har vi ope frå 12-15 igjen.
40 kr per person.

No kan små born, opp til omlag 25 kilo, sitje på lamaen Rosita og verte tatt bilde av om foreldra ynskjer, hugs kamera:)
Vi vil selje pølser, svele og kaffi:)

Velkomne skal de vere:)
 
I dag avliva eg Dia, angorakanina. Ho har vor ei veke i lag med hannen, då vi setje henne tilbake til sitt eige bur, oppdaga vi att ho ikkje åt. Ho har frå tid til anna besj i pelsen bak, forstoppelse, og dette tek vi vekk og gir henne fiberrik diett. Men denne gangen var det noko anna. Eg ville gje henne ein dag til å kome seg på før eg gjorde noko meir. Men i dag var ho ikkje til å redde, ikkje hadde ho ete eller dukke, pusta nesten ikkje.  Så da bestemte eg meg for at ho ikkje skulle lide meir, og tok livet av henne... trudde eg var ferdig med å gråte over dyr som må døy, men henne storgråt eg over når eg skjønde kvar det bar... Men det gjekk raskt, og ho lid ikkje meir no, og eg er glad for det...

Ej brun verpehøne måtte også avlivast, ho har vore veldig roleg i det siste. Då vi løfta henne ut for å sjå om ho ville gå, så greide ho det omtrent ikkje. Men det er slikt ein forventar skal skje med høner inn i mellom. Spesielt dei som er spesial verpehøner, dei er lit
 
Ja på søndag har vi ope!
12.00-15.00

Håper mange kjem jamvel om det koloderar med ein del... Det er jo meldt så fint vær! Alle dyra vil møte dykk ute, det vil seie om ingen stikk av før den tid da...

kiosken serverer sveler, kaffe, sjokolade, og du kan kjøpe pølser og grille dei i finværet sjølv:)

velkomne skal de vere:)