Bileta frå opninga er tekne av åge davidsen, min svigerfar. Eg var desverre alt for oppteken med å springe rundt å helse på folk, fortelje om dyra og lage svelerøre til at eg rakk å ta nokre bilete. Svelene har eg foresten fått så mykje skryt av at eg vert heilt flau, dei som skal ha skryt er hønene, det er deira egg som gjorde susen i røra:) Samt så steikte ei veninne av meg, Maria, dei så godt som perfekt:)

Der var 192 betalande gjester på garden når vi hadde ope. Med tanke på alt anna som var den helga, er dette berre fantastisk. Vi har lært mykje. Skilting for for mest tenleg parkering hadde blandt andre ting vore ein god ide. Neste gong kjem vi til å sperre av enkelte soner og hus for dyra, slik at dei kan slappe av dersom dei treng det:) Hønsa fekk springe ein del, men det har dei jo aldri tatt skade av:)

No har eg tatt over to minigriser, bacon og mini, som er far og son. No avventar eg beskjed frå mattilsynet om eg får lov å vise dei fram, dei er jo trass alt ikkje produksjonsgriser som kan smitte den norske grisestamma. For menneske er dei jo mindre smittefarlege enn menneske, så å vise dei fram er ikkje farlegare for folk enn at der er andre folk i nærleiken.

Planlagde invisteringar.
Mykje som må gjerast før vinteren. Vaske fjøs, kjøpe kumatter og matte til hestebåsen. Ein fang/forhekk til storfe må eg også ha. Samt lage mellomrommet mellom spaltene i fjøsen mindre. Her har mannen tenkt å sage til trykkinpregnert trevirke, då betongelementa forlenggst har gått ut av produksjon.

Så ynsker eg også å kjøpe ein lavvo. Her regnar jo oftast på desse kantar, så besøkande treng ein plass å søke ly og ete mat.

Vi skal også ein tur på nordmøre for å hente ein jærhane (sidan min fyrste døde...) og ein kasjmirbukk.

Nokk å setje fingrane i for tida med andre ord:) Og bestillingane frå grupper har begynt å tikke inn, så no er det berre å hive seg rundt og bestille for å ha selskap eller liknande her:)
 
Søndag 23 august opnar vi endeleg for publikum!.

Her kjem litt kontaktinformasjon. Dersom det er noko du lurer på, og du ikkje kan finne det på sidene her, er det berre å ta kontakt:
Lillian: [email protected] vert sjekka kvar dag tlf 95 7472 52 Har den som regel i nærleiken.
Håvard: 90 9306 02


Kort om dagen og garden:
Her fins det mange spennande dyr, vel  vert å sjå. Her har vi to tame lamaer, mor og kastrert son. Dei er så snille at dottera vår på to år gjerne får mate dei. Når vi har ope besøkande held vi desse i ein avgrensa del av tunet.  Slik at dei som ynskjer det kan gå inn å helse på dei. Er du veldig heldig får du forsøke å gje dei kraftfôr, då et desse majestetiske dyra av handa di.  Elles på tunet går der  tolv geitekje, av typen kasjmirgeit. Desse et også gjerne av handa di, men dei vert gjerne vel ivrige og klatrar gjerne på deg og kvarandre for å få tak i godbitane.  Sida dei har små horn bør foreldra passe på små born dersom dei skal mate kjea.  I lag med geitene går det ein drøss med høner. Det er ei fryd for auge å sjå desse små gartnarane gå å plukke rundt beina på dei større dyra. Desse et sjeldan frå handa, men kjem gjerne bort til deg for å sjå om du har noko godt å kaste til dei.  Angorakanina Dia, og ungane hennar vil også vere på tunet i ei eiga inhegning. Vil du holde ein liten kaninunge kan eg hjelpe deg med det.  Eg vil sjølv gå rundt å dele ut kraftfôr til dei som ynskjer, nokre gongar i løpet av dagen. Anna mat skal ein ikkje gje dyra, for dei kan verte dårlege.

På garden er det seks kyr og fem kalvar. Vi har kyr av rasen Dexter og Belted Galloway. Dextera er små kyr, skulderhøgde på om lag ein meter, og dei har horn. Belted Galloway er ei stor rase, svarte med kvitt belte rundt magen. Dei vert også kalla ”Pandakyr” noko som er svært så treffande. Så har vi ei miks ku angus/dexter. Denne er veldig stor og svart, men hornlaus.  Desse vil gå i eit gjere utanfor tunet.  Desse får besøkande ikkje gå inn til, då nokre av dei har svært små kalvar. Den minste er knappe to veker gammal.

Born og vaksne kan få seg ein ridetur på garden sin Islandshest Mosi.  Dette er ein kvit, roleg og liten hest. Han vert leida av ei hjelpsam jente, så her kan alle få prøve seg.

 Vi opnar søndag 23.08 kl 10 til 16. Vi tek 40 kr i inngangspengar per person, men då er også riding inkludert.  I kiosken sel vi billetter, varme pølser i brød, sveler, kaffi og brus. Hugs kontantar, då vi ikkje har betalingsterminal. Vi håper mange ynskjer å ta seg ein tur ut til oss, absolutt alle er velkomne. Kart finn du på fyste sida i heimesida vår: www.erdalengard.no EHer fin du blogg om garden, nokre bilete og kontaktinformasjon. Vi møtes til ein trivleg dag på garden.