Då har vi henta kasjmirbukk. Han heiter småen, men det passer aldeles ikkje! Han er meir som ein stor hårete (og stinkande av bukkelukt:)) trekkhund. Tam som berre det. Har vi kraftfor er det berre å klappa iveg. Har ikkje vore agresiv i det heile. Lurer på namne elvis eller hårspray grunna raggen, han har hårbukser på:)

Ny Jærhane har vi også fått oss, og no er han sett i hop med jærhønene i eit forsøk på å skaffe rugeegg:)

7 haner skal slaktast, så fort som mogeg, seinast torsdag. For då kjem 7 nye kvite italienarar som skal hjelpe til med eggproduksjon i vinter:) Dessutan er dei over slaktemogne og et alt for mykje, samt stressar hønene slik at dei legg lite egg og ikkje vil gå ut...

Kjea finn stadig nye måtar og bestige gjerdet på, så no er dei frittgåande:) Men når vi får besøk stengjer vi ei inne på tunet som sist:)

Mosi, hesten er no seld og henta. Litt trist, men eg trur han får eit meir aktivt liv der han kjem. Eg kjem til å leige hest med førar når vi har open gard. Om det er mogleg å finne tak i då sjølvsagt)

Mini, minste minigrisen er også seld, men ikkje henta enda. Den siste hokaninungen er også holdt av. Så da har vi kun igjen ein liten hankanin unge, som foresten er den tamaste av alle kaninungene. Noko eg tykkjer er rart, for faren er ikkje like tam, men han har vel arva mora sitt gemytt:)

Skriv gjerne komentarar i koments feltet.)
 
Kjea er små enda, og for tredje dag på rad klarte dei å finne seg eit hol å snike seg ut gjennom... Men fint vær var det i dag, så eg tok det ikkje så tungt. Dessutan er kjea tamare enn dei fleste hudar eg veit om. Så eg tok sykkelen og kraftforbøtta i barnesetet, og sykla for å hente dei. Mått gå eit lite stykke frå vegen før dei såg meg ordentleg, men då kom dei også spurtande og ville ha kraftfor. Så for å prøve å vrenge kraftforet vekk frå dei svingde eg bøtta over hovudet. Då trakka sjølvsagt ei geit oppi bøtta, slik at den kvelva på seg. Resultatet var ein god porsjon med kraftfor perfekt ned i nakken min... Då var det berre å springe til sykkelen og trille heimate med kjea springande etter meg. No har eg akkurat tømt sokkane for kraftfor, og alle andre klesplagg... Det var ei geit som ikkje blei med på fyste turen, og to var på innsida av gjerdet, så eg måtte ein tur til, null problem med slike kjekke geiter:)

Har endeleg lagt ut annonser på finn.no. 19003412 som er mini, minste grisen vår og to kaninunger, og19003229 som er mosi, hesten vår. Eg har altså kome fram til at eg bør selje han. Etter ei samla vurdering av mi helsetilstand (er gravid for dei som ikkje har fått vite det enda), inntekter, utgifter og husrom, har eg kome fram til at eg bør selje han. Men eg kjem til å forsøke å leige inn hestar til open gard, då med eigar som kan leie eller kjøre vogn med ungene.

Tenkte eg skuklle leggje inn nokre bilete som fryd for augo:)

 
Litt nytt no. For det første har vi mist eit kje. Garantert på grunn av mageproblem. Eg trur det er fordi den har ete for mykje hønsefor, eit anna alternativ er for mykje saltstein. Så då flytta vi heile gjengen opp på storebeitet, saman men kyrne og hesten. Vi tok sjangsen på å flytte lamane saman med dei, lamane passer litt på kjea. Gjerdet er berre ein meter høgt, men foreløpig held alle seg innafor gjerdet:) Hengde ei bjelle på Rosita, ho lamaen som ekstra sikkerheit.

No har vi skaffa oss ein fanghekk, og om ei stund skal vi byrje å tillegsfore kyrne på beitet, men foreløpig har dei det dei treng trur eg. Når denn er oppmontert og kyrne er vand til den, kan eg endeleg drektigheitsteste kyrne, og vil ta ultralyd på rosita også.

Andre slotten skal vi ta no snå snart det vert fint vær, fortrinnsvis i morga om det vert som det er meldt. er i seinaste laget, for graset har gulna litt desverre... Neste helg skal vi kanskje hente bukken og ein jærhane. Då kan eg snart byrje å ruge ut kyllingar:) Har plana om å lae til nokre små bingar inne i fjøsen, så får eg skilt frå dei hønene og den hanen eg skal bruke:)

Har framleis to kaninunger for sal, samt mini, vår yngste minigris hingst. Denne kan eg også bytte mot ei purke, dersom nokon er intriserte. Vil leggje ut anonse på finn i dag eller i morga, må ta litt nye bilete fyst:)

I dette været ser eg det vert tvingande naudsynt med ein lavvo håper mannen får tid til å lage til ein, men det skal halde hardt i nærmaste framtid er eg redd...

Skriv gjerne ein beskjed i komentar feltet:)