Anguskua bestemte seg for å ta ein snarveg over gjerdet igjen, men i dag følgte alle dei ti andre etter. Dei hadde fått høy i den andre enden av beitet, men kom ikkje når eg kalla på dei... Ein stakkar forbipasserande fekk 11kyr etter seg, du får mi unskyldning her om du les dett, for eg såg ikkje kven det var. Må uansett vore ei skremmande oppleving... Store kyr og små kyr med horn, men dei er snilde da, aldri gjort oss noko, men det kan jo ikkje andre vite... Noko problem å få tak i dei var det ikkje, når dei fyst hørte kallinga mi og såg kraftfor bøtta... Ga bøtta til bror min som geleida dei gjennom innhegninga og heilt til høyet, kjempeflinke lisjebror:) Han sette opp gjerdet etterpå også, det eg gjorde der var vel berre å hjelpe han litt.

Sidan geitene på død og liv skal inn i hønsehuset, fiksa vi det gjerdet også ein gong for alle. Kjem dei seg inn no, ja då flytter vi heile hønsehuset!

Tok litt bilete i dag. Den skjeggete bukken heiter no Elvis, grunna dei store slengbuksene av hår og alle geite groopies han har. Kjempe kjekk bukk foresten:)

Egga fekk eg i posten i dag, faverolles, jær og australorps. To av jæregga var så breie at dei ikkje fekk plass i maskina, så eg bytta dei ut med to av mine eigne. Tenkjer å leggje resten under ei klukkhøne, Mette marit. Dvs. Ho var ikkje klukk, men 4 egg i eit reir er meir enn kva ho klarer å sjå på utan å leggje seg ned:) Så eg håper at ho kan ruge ut nokre jær og sussexkyllingar for meg:) Alle kyllingane skal bu i mjølkegrava i vinter, der skal dei nok få det varmt og koseleg:))

Ulldotten inneheld to kaninunger som begynner å få pels.

Grisane koser seg ute, og roter mykje meir i jorda no enn sist dei var ute.
 
Heile greiene forsvann då eg nesten hadde skrive det ferdig... So  kjekt...

Vi forer no både geitene og kyrne ute. Kyrne laga enorme tråkkskader på forområdet sittt, difor har vi no måtte flytta det. Når Anguskua mi synest eg var for gnien med maten, tok den seg rett og slett ein tur ut av beitet. Resultatet, nedtråkka gjerde og sleppe henne innigjen ei drøss med ganger. No har eg fora dei store mengder med høy i to dager, og da har ho haldt seg inne. Bra dei snart skal inn:) Mannen min og andre som hjelper han held på å tilretteleggje for kalver inne i fjøsen, og legge ut dei påkrevde mattene. Då blei det oppdaga at skrapeanlegget hadde gått fyken igjen, men sveising som må til som medesin. Men han håper å verte ferdig i dag.

Geitene har ein lei tendens med å finne og lage nye hol for å kome inn til kraftforet til hønene. Med tilhøyrande rot der inne. Ikkje toler dei det så godt heller, og kan verte dårlege i magen. Men no har dei ikkje vore der på eit heilt døgn! Så no håper eg at dei held seg ute, til fjøsen vert klare for dei inne. Synd for hønene å verte stengt inne i den ikkje så vakkre hønsegarden, men alle hola vi har laga for at hønene skal kome seg ut, har også geitene kome seg inn i... Men når geitene har gått inn for vinteren, då får dei gå frie igjen:)

Eg har også tenkt på neste opengard. Ser for meg førjulstid, snøv, hest og slede, kakao, risgraut, sitte i høyet inne og ute, julenisse kanskje? Her er det berre å kome med idea:) Krevst vel eigentleg snøv, men det er jo ikkje kvart år vi får på den tida... Har også lyst å få mjølka kuene litt, og brukt den mjølka til graut og kakao, men då må eg få tilatelse frå både mattilsynet og kuene, så det tek nok litt tid og arbeid begge deler:)

Har også lyst å kjøpe ei ku til. Ei vestlandsk fjordfe ku/kvige, også kalla gråkolle. Dette er den opprinnlege mjølekua på desse kantane, og ho er svært nøysom og toler mykje. Ho produserer ikkje så mykje mjølk, men kan produsere ein del utan så alt for mykje kraftfor, og det liker eg. Har ikkje heilt sansen for storproduserande NRF kyr som sluker kraftfor. Passer ikkje inn i drifta mi heilt.. Så då får vi sjå korleis økonomien er etter vi har fått igjen momsen på innvisteringane vora. For no har vi kryssa 50 000grensa! Og har endeleg vorte momspliktige. Men biletten er ikkje momspliktig likevel, takk og lov for det:)

Eg er verkeleg ikkje så flink å hugse å ta bilete, men når fjøsen er klar skal de få sjå:)

Dia, angorakanina mi, har fått nye unger. Berre to denne gangen, men dei ser friske og fine ut:)