No har eg endeleg fått surra meg til å bestilt sæd til kyrne og kontakta ineminør. Tenkte det kom til å verte umogleg å feste kyrne i fjøsen, difor har eg kvidd meg slik... Men i dag var inseminør her for å sjekke drektigheit på dei tre kyrne og trudde kanskje kunne vere drektige. Eg hadde på førehand klart å lurt på alle kyrne halsband, og fekk rett og slett lurt inn ein kabinkrok med tau på, surra den nokregongar rundt forhekken og haldt igjen, medan inseminøren fekke sjekke om dei var drektige. Vist nokon ikkje veit korleis dette foregår, så er det kort forklart berre å putte handa inn i endetarmen på kua, og kjenne på livmora. Ei dexter ku, elvira og den største belted galloway kyra var begge drektige. Forventa termin hjå dei begge: under tre månadar igjen, noko nærmare var vanskleg å seie. Jippi:) Då har eg to reinrasa kalver på veg, og berre ei ku som har gått uanstendig lenge utan kalv.

Var på nippet til å ringe dyrelegen i dag og i går. Elvira, den minste dexterkua var så slapp. Eg trudde fyst det var fødsel på gang, men det fekk to erfarne gardbrukarar avkrefta. Så no har eg lært å sjekke området ved halen, er den veldig slapp kjem snart ein kalv. Samt at normaltemperaturen på ei kyr er mellom 37,5 og 39,5 grader. Elvira hadde 38, 3 i går og 38,1 i dag, så ingen  feber. Dessuten hadde ho kvikna litt til, åt mat og gjekk litt rundt før ho la seg att. Så reknar med at ho klarte seg sjølv, men vil følgje med på henne ekstra godt i nokre dagar, ho skal jo bli mor og alt:)

Geitene stakk av ute, og geitene stakk av inne. Er spesielt eit kje som er spesielt reiselystent, kjem eg og skal fange det, spring det inn til lamane:) Men i dag var det ikkje ute, så kanskje har vi klart å sperre igjen alle hola som var store nok, eller så har den berre vakse:)

Held på å hente  noko gammalt høy hjå ein bonde i Åmdalen, får det gratis, og kyrne elskar høy, så det kunne vi ikkje seie nei til:) Så vårknipe vert det noko ikkje her i garden nei:) Har også ein del fjordårs siloballer vi har kjøpt og fått, så no får dyra plenty med mat. I all latskap vert det trilla inn to heile siloballer i gongen:) Det vil seie av min mann, hadde ikkje klart å rikke den vogna. Ikkje vil eg ha prøvd heller, sidan eg er over 6mnd på veg. Men det meste anna av dagleg fjøsarbeid klarer eg sjølv enda, takk og lov. Kjekk jobb å stelle dyra, ikkje spesielt tidkrevjande heller.

Det er berre å leggje inn ein kommetar dersom du lurer på noko, eller rett og slett ventar på nyhender frå garden:) Då får eg e-post, og den sjekkar eg støtt og stadig, og svar får du:) Trykk på "comments" knappen.
 
No er alle dyra, bortsett frå hønene inne i fjøsen. Geitene derimot håper vi at dei held seg i nærleiken om eg let døra inn til dei stå opa. Har jo mest lyst at dyra mine skal nyte det frie ivet:) Geitene har laga litt styr for oss i det siste. I veka før vi endeleg fekk dei inn i føsen reiste dei på fjellet. vi såg dei trekte lenger og lenger opp i fjellsida, før dei vekk var. Så då måtte mannen på fjelltur å hente dei:)

I fjøsen står no lamane i ein bås, men får besøk av eit kje som kjem seg ut av dei to båsane geitene eigentleg har til rådigheit. Planen er å bruke vinteren på å lære Septimus til å bære saker og ting i bæresele, samt kanskje også venne han til kjøresele og etter kvart vogn. Sida eg no begynner å få ganske bra gravidmage, er eg litt skeptisk til å feste desse selane på han. Så dette overlet eg til mannen. Men er bæreselen fyst på, er alt heilt greit, virker ikkje som den plager han på nokon måte. Prøver også å børste lamane litt, for å temje dei, gjere dei litt reinare og få tak i den nydlege ulla:) Utuleg kor mykje nydleg ull som løsnar ved nokre børstetak.

Kyrne har delvis funne seg til rette i fjøsen. Dei har den store lausdriftsdelen for seg sjølv. Her er eigentleg plass til 14 mjølkekyr, og vi har 11 store og små kyr der. Nokre av kyrne, mine store Belted Galloway nektar plent å liggje i båsane, jamvel om der er både madrasser og strø til dei... Så skitne vert dei av å liggje rett på betongsvillane. Dette er golv med små mellomrom, slik at skiten skal kome ned til skarpeannlegget og deretter ned i gjennom luker eller vasslåser til gjødselkjellaren. Eg håper snart vi får klar ein del som no er avsperra, til å feste kyr som skal undersøkjast og inseminerast. Kan sei det slik at eg angrar litt på at vi har to forskjellige raser. Hadde vi hatt ei kunne vi hatt ein okse, og den ville ordna brasene sjølv... Ser mørkt på brunst (når kua er motakleg) registrering og inseminering. Kyrne går ikkje akkurat dit eg ber dei om å gå, og fleire av dei er alt for store til at eg klarer å drage dei... Til neste vinter ynskjer eg å ha belted Gallowayane ute. Trur dei har det betre slik. Men då må vi gjerde enda meir, samt opprette fast foringsplass med fast dekkje for å unngå gjørmebad og kanskje bygge eit enkelt husdyrskjul til dei. Angåande skjulet så håper eg at granskogen kan duge, men dette får mattilsynet bestemme.

Det står at dein del nedvask i fjøsen. vi rakk aldri å få den så rein som vi skulle ynskje før vi slapp inn dyra. elles ventar eg på automatisk vatn til geitene, lamane og kyrne. Dette vil lette arbeidet ein del. Eg har desverre måtte slengt inn handkledet litt når det gjeld foring av kyrne. For no forer vi med siliballer, og det vert alt for tungt for meg, bekkenet nektar plent. Det er bra eg har ein mann som tek slikt på strak hand:)

Kaninnene fekk 2 unger, dei begynner å nærme seg leveringsklare, men eg er ikkje 100%sikker på kjønnet. Dei er i vertfall av same kjønn, forhåpentlegvis hunner, for dei er det lettare å få selt.

Grisane er sendt til slakteriet, dei fekk den beste klassefiseringa alle sammen, dvs unatt minigrisane som eg også sende med. Dei var enkelt og greit klassefisert som råne, med ein kilopris på omlag 5kr/kg... Har lyst å ha grisar igjen, men venter til denne svineinfluensa hysterien er over, og eg får lov å vise fram grisetryna igjen. Tenkjer å skaffe meg ei gammal norsk griserase, som dei har klart å avle fram att. Dei hadde vist noko nedfrose semin, og kryssa avkom fram av dette. Grunnen til at eg vil ha slike griser, er at slike kraftforslukande griser som den vanlege grisen i dag, ynskjer eg ikkje å ha. Er generelt negativ til kraftforbruk, og ynksjer i lita grad å ha dyr som er avhenging av det. Dei største forbruykarane per i dag, utan gris, er hønsene. Eg håper å kunne dyrke eit kvart som hjelper på dette neste år.

Som de skjønner har vi framleis store planar:) Så då får vi berre vente å sjå kvafor planar vi klar