I dag fekk vi inseminert Solveig, håper virkelig ho tar kalv. Hadde det ikkje vore for at oksekalven vart så ivrige på henne, så hadde vi nok ikkje merka at ho var motakleg i det heile. Håper eg kan skaffe meg okse til hausten. Har kome fram til at eg vil ha meg ein dexterokse utan horn. Så får det berre være at vi får ein del mixer. Ei ku på dexterstørrelse med den nydlege belted galloway pelsen hadde vore fint å fått fram:) Kanskje får vi selt dei, kven veit.

Har ein WWOOFER her no, ein som arbeidar gratis mot kost og losji. Han ynsker å lære norsk og finne seg ein jobb i Noreg. Han er frå Portugal. Den hjelpa han gjev lettar arbeidet for meg volsomt. Det er han som står for det daglege arbeidet med dyra. Så no får eg slappe av meir med den veksande magen:)

Har elles fått tilbod om 3 påfugler, 2 haner og ei høne, på omlag 3 år. Slike staslege dyr seier eg sjølvsagt ikkje nei til:) Dei bur på Hareid. Hadde planar om å hente dei med hestehengar, men den er ikkje vinterdekk på. Så anten må vi vente til vegane har tøya, eller så får vi finne på noko anna. Kanskje kan vi berre ha dei bak i bilen til mannen? Hanane får nok ikkje snudd seg da, men det er jo ikkje så langt heldigvis. Håper dei finer seg til rette her, dei kjem til å bu i fjøset til våren.
 
Då har eg fått klipt alle kaninene. Dia er sett saman med Torvald igjen for paring. Ungane er leveringsklare, bortsett i frå det at eg ikkje er sikker på kjønnet. Her skal eg spørje nokon som har litt meir peiling enn meg, for eg vil ikkje levere frå meg noko med deil kjønn... Eg trur det er hoer, og er det det så får eg nok selt dei trur eg. Er det hanner får eg nok ikkje det. Får eg ikkje selt dei før dei er 5 mnd, så kan det hende dei vert slakta. Planen var å bruke skinnent til ei form ffor handarbeid. Ulla eg har klipt av skal eg forsøke å elje, samt eg har bestilt meg ei kardemasking. Så då skal eg prøve meg på toving i vinter. Samt eg må lære meg å spinne, å skaffe meg ein rokk. Eg har også tilbod om ein vev, så eit eller anna skal ulla bli til:) Eg tenkjer også å børste av lamane ein del ull, og prøve meg med denne ulla og. Eg må ta nokre bilete når eg har fått laga noko:) Er jo meininga eg skal selje noko av det etter kvart, men i starten vert det nok julegover:)

Det er også mogleg at vi får ein WWOOFER på garden før jul. Det vil sei ein person som ønkjer å arbeide på garden mot kost og losji. Så då er det mogleg at vi klarer å ha ope før jul, det hadde jo vore flott:)