Eg har no teke livet av mine tre vaksne blandingshaner, og erstatta dei med reinrasa hanekyllinger av sussex og jær. Når dei vert gamle nok er planen å ha to flokker, der eg plukker rugeegg av dei respektive rasene. Men dei er så unge enda, så det vert nok ikkje før til våren.

Eg har bestilt islandshest! Ein 21 år gammal vallak som heiter Mosi. Han skal etter planen kome på fredag, og dersom han er i orden fysisk, så kjøper eg han. Den skal vere roleg og veldig glad i born. Eit par uvaner har den. Den liker ikkje lyden av glidelås når nokon sit på ryggen has. Då går den rundt sin eigen akse. Vesidenav er det heilt greit. Vert han sliten stoppar han opp og løfter halen som om han må på do. Så vralter han vidare etterpå uten å ha gjort noko som helst:) Gler meg til å prøve han:)

Opninga vert truleg fyrste helga i juli, 4 og 5 juli, dersom eg får godkjenninga frå mattilsynet i posten snart . No fredag kjem ein barnehage på besøk, så det vert spanande:) Så da er besøksgarden snart i gang:)