I dag var mattilsynet på besøk, og garden får mest sannsynleg ei middlertidig løyve for framsyninng av dyr:) Men eg kjem lite truleg til å få tilatelse til å halde villsauer, og blei anbefalt gammal norsk spelsau blandt andre. Så dette må eg også sjå på. Dette kan i verste fall gjere at det ikkje vert sau i år, for spelsau er ikkje det lettaste å få tak i på desse kanter, men eg vil gjere eit forsøk.

Eg er ferdig med skule, og kan då ta fatt på å lage det trivelig for besøk her:)

Sagbruket er oppmontert og mannen er i gang med å hogge tre til benker, bor og anna virke til gardsbruket. Dette driv eg veldig lite med, men planlegger å kjøpe meg ei bensindreva kompostkvern. Då kan eg kverne opp kvist og huun (veit ikkje korleis det vert skrive, men betyr bark med litt treverk, atså avskjer av trestammen:)), slik at eg kan bruke det som stø hjå dyra.

Kyrne lyt få namn snart. Eg heller mot svært gamle norske namn, gjerne frå norønn mytologi. Frøya er vurdert, og det kan verte namnet på den yngste kua, ho er jo så vakker:)