Det er så mykje eg skulle ha gjort! Til dømes skulle eg ha sett poteter og gullerøter mm og det helst i går! Ikkje har eg setjepoter, frø eller ein klar plass å setje dei heller. For eg tenkte eg skulle skaffe meg griser til å lage til kjøkkenhagen for meg, omlag ein jordbit på 2 mål rett opp for huset.... Men der har vi berre fått gjerde inn tre sider. Må unasett bruke litt lettgjerde. eg har funne ein del gamle stolper her på garden, nokon av dei kan nok brukast, men dei manglar sjølvsagt isolatorar, ein i toppen hjelper lite mot fem griser....

Om ikkje det er nok skal vi hente kyrne, to bellted galloway kyr med kalver, på torsdag. Da må vi ha klart gjerde til dei. Dei må jo få gå ute å beite og kose seg:) Tenkte dei kunne få gå i ein del av grønnaskshagen til grisane får laga til der. Medan vi byrjer på eit tredje og fjerde gjerde, som sjølvsagt er mykje større:)

Sidan eg skal til oppdal å hente kyrne, kan eg jo liksågodt hente kyllinger og rugeegg i same slengen sant? Hm dei må ha hus, med elektrisitet til varmelampen.... Då må eg lage til det, og ein hønsegard helst, reven går jo og lusker...

Kaninene har kome i så god form no, eg har sluppe dei ut på dag tid, slik at dei også får vere ute i sola:) Med den konsekvens at dei no nesten er umoglege å få tak i. Så anten må eg lage ein midlertidig luftegard til dei, eller berre lage til to revehus med utegard til dei, venter jo kanin barn snar, så det trengst sikkert:)

Sikkert ei tusen andre ting også, men det held for eit par måner trur eg... Nei foresten skal jo ha the grand opening i slutten av juni.

Liker dette da, er ikkje berre stress:) Synd eg ikkje er flinkare til å snikkre berre, å setje opp gjerde. Går ut på det same eigentleg, få ting beint.... Det klarer eg berre ikkje... Så til dei som sa at vi kom til å få veldig mykje å gjere: Ja da, ser det no...
Men eg diggar det! Så fint det skal bli!

Ta bilete til galleriet må eg også gjere, og fikse nettsida:) Men då må eg finne igjen cameraet mitt, det har blitt mist i flyttinga, og ligg sikkert i ei av dei ørten kassene vi ikkje har rukke å pakke ut enda:)

 

I går og i dag har eg, mannnen, fedrane vore og min veslebror snikra gjerde. Tanken var at lamane endelig skulle få litt fri frå båndtvangen. Problemet var berre at dei blei så gira på fridommen i det varme vårveiret, at dei hoppa glatt overt gjerdet... Septimus, ungfolen  av ein lama var fyst ute, kjapt etterfølgt av hingsten Julius. Dette hadde vore nydlege bilete der dei to galloperte i ei uhorveleg fart bortetter vegen og blei vekke i solnedgangen.. Rosita blei heldigvis igjen innen for gjerdet. Vi fanga henne og venta i eit knapt minutt før dei to ville hingstan kom galloperande tilbake. Septimus flug over gjerdet på ny, medan kongen Julius ville springe inn porten.

Vi hadde etter det null prioblem med å få dei inn i fjøsen att, sidan flokk innstinktet deira plasserer dei nært hoppa Rosita som vi leida i band. Men gjerdet må nok forlengast med omlag ein halvmeter... Vi lærer så lenge vi lever:)