Eg hatar flått. Er det noko eg skulle ynskje var utrydda var det flått!

Grunnen til at eg tek opp dette ekle innsekta er at eg har funne ein del av dei... Fann ein enkelt flått på Septimus, men det må eg jo rekne med... Men så fann eg omlag 20 på Torvald hannkanina. Stakkars, rundt augene og i og på ørene og på nasa. Alle plassa med mindre pels enn resten av kroppen, takk og lov uten om dei nedre ekstremitetar. Var redd der eit augeblikk før eg fekk sjekka... Eg har tidlegare hylt å skreke når eg ser flått, men det gjekk bra no då... Har vist blitt meir bondeaktig:)

Dia var det ikkje like gale med, men rundt 10 stk var der nok...

Det som er så rart er at ingen av oss har fått noke på oss, den tidlegare eigaren raporterte om ein flått i fjor. Så da må det finnast eit bol der berre kaniner slepper til tekjer eg meg... Så no lufter eg kaninene i den flyttbare kaninluftegarden i staden... Dei var uansett komne i så god form at eg har store problem med å få tak i dei, frisk luft og mosjon har gjort dei bra:)

Når vi får renske opp rundt huset, og fjerna mange småtre, så gjer eg nok livet surt for flåtten, samt held hjorten vekke. Flått vil eg ikkje ha her!

Eg forsto i går kvifor hønene la så lite egg... Dei har lagt dei under hønsehuset... Så no har eg sperra igjen med kvist og netting... Sette opp mine fyrste gjerdestolpar aleine i går:) Skeive ja, men eg klarte det:) Stolpedrivar (mettallsylinder med tett topp med handtak) er vårt beste kjøp foreløpig, slegge var berre å gløyme for min del. Tilogmed Håvard sleit med den...

skriv gjerne i gjesteboka, eller kommenter her:)