Hest til gards! Eg har skaffa meg ein eldre islandshest som heiter mosi og er 21 år gammal. Han er no utprøvd og godkjend av meg og dottera mi på to år:) snill som berre det og eg har stor trua på barneriding på han når garden opnar:)

Han har nokre små meir eller mindre morosame uvaner. Dersom rytteren trekkjer opp og ned glidelåsen medan han sit på ryggen til mosi, går han rundt sin eigen akse. Dersom han vert sleten, stopper han, løfter halen og later som om han må besje:) Når han har kvild seg litt går han vidare:) Han er heller ikkje så begeistra for å dusje.

Eg og dottera mi rei på Mosi i lag fram mot setera, saman ed svigerfar og Septimus, min hingstelama (som foresten skal kastrerast på mandag, endeli vetrinær! Måtte forske lenge for å finne ut korleis nemmelig...). Septimus var skeptisk til mosi, men mosi sjølv var roleg og fin som vanleg. No er ikkje eg den flinkaste til å ri, men uansett har mosi sin eigen vilje. Han nekta plent å gå tilbake når svigerfar og septimus skulle fortsette på stien. Etter  dei hadde gått, og nokre minutt hadde pasert, byrja han å røre seg igjen. Trur han likar seg best på gras, for han gjev utrykk for å ynske å gå utanfor veien, men er grei å svinge tilbake igjen da:)

Må få nokon til å lære meg litt rytme, av den typen ein treng for å få ein hest opp i trav og galopp. Hadde også vore kjekt å lært seg å instruere hesten n bruke gangarten om at no skal han skifte til gangarten pass eller tølt, for mosi behersker desse også.

Gris til gards!
Vi henta 5 grisunger kveld/natt til fredag. Er overaska over kor smarte og flinke dei er til å orientere seg ute, dei har jo aldri vore ute før dei kom til meg. Dvs utanom då dei stakk av då vi skulle hente dei fordi eg skremde dei ut ei dør... Dei har uansett lærte seg alle plassane dei kan stikke av frå gjerdet sitt på. Etter nokre nattlige hentetura og øydlelagd grasplen (ja min eigen grasplen faktisk, ingen sure damer sin heldigvis...), så fann vi det for godt å ha ein straumtråd neserst på gjerdet. Dette arbeidet var gjort av min kjekke veslebror. Tusen takk Jan Kristian). Men eg skal fortelje meir om desse hendige grisane ein anna dag, for no må eg ete lit før eg hoppar til køys! Travle dagar med slått og greier så senga kaller kraftig. JK har også teke bilete, så dei skal eg leggje ut snart.

 

Kyrne har no fått seg eit stort beite ned på eine dyrkamarka, så no er det slutt på rømminga:) Ser ut som om dei storkoser seg der:)

Lamane har vi flytta til innhegninga ovanfor huset, virker som dei saknar si gamle innhegning i blant. Problemet der var at dei ikkje åt alt graset som vaks opp på do-plassen deira, så snaubeita dei resten. Så no har eg raka gjødsla utover, og håper regnet slettar alle spor:) Slik at lamane kanskje tore nyttegjere seg av graset, eller nokre andre dyr.

Hønene liker ikkje å vere stengde inne i hønsegarden. Fann ei ute i går som var så våt som det er mogleg for ei høne å vere. Dette er ein sky italienar, men når eg opna døra gjekk den lydig rett forbi meg for å gå inn å varme seg:) Slepp ut hønene på dagtid når eg er heime. Mykje på grunn av at dersom dei ikkje får vere ute et dei så mykje kraftfor:) Dersom det er fint vær får eg litt problem med å få dei inn igjen, spesielt dei nyankomen jærhønene. Som det foresten berre er to igjen av... Dei stakk av når eg skulle ha dei inn igjen. Dei har klart å kome seg over innhegninga før, så eg håpte dei ville gjere det igjen. Men neida. Vakna av eit fole spetakkel to gongar, den siste såg eg reven, og la på sprag og skremde den. To høner, i staden for tre, gjekk då lydig inn til dei andre. Flink den reven eigentleg, plukker berre ei og ei høne. Nye hanen gjer tydeligvis jobben sin, for det var nok den som varsla meg:)

Prøver å skaffe gris no, men ingen svarar på mailane mine, grrrr. Så eg får ta meg ei ringerunde i staden:) Brune/raude Duroc ynsker eg meg:) Dei har meir intramuskulært feitt, toler meir sol, generelt meir hardføre, men får færre unger, samanlikna med den vanlege landrasa.