Då har sannsynlegvis reven vore her... Fann masse fjør, fyrst ein sti med fjør, så eit stort område fullt med fjør... Veit ikkje at det er rev, men har vorte advart mot ein skabbrev og eim anna rev i område... Rart han torte seg inn til lamane, men det har han gjort i vertfall...

Høna som blei teken var den skeivnebba lyse sussexhøna. Dette var ei stor høne på omlag 5kg. Konsekvens: eg sperrer inne hønene i hønsegarden til eg har sikra lamagjerde enda litt til... Så får vi prøve igen.

Er litt delt i synet på dette hønsetjuveriet eigentleg:
-sjølvbergaren
skulle ha slakta den for lenge sida... Hadde jo skeivt nebb og slubba veldig når den åt...

- nybegynneren
Den høna var jo så tam og kozelig...

-bonden
Drep den reven! Ei av mine beste verpehøner! (dog den mest rotete)

- latsabben
Då slapp eg å slakte den... Hadde jo tenkt å gjere det...

-Jegeren
Skytelysten, skulle hat gever og jægerprøva no... sjekke regelverket...