No er den nye innhegninga til lamane ferdig. Dei får gå inn i fjøsen om dei vil, men dette er tydelig vis ikkje intresant, så no søv dei også ute. Det er tydelig at dei storkosa seg i fineveret.

For oss tobeinte er det bråtebrenning vi held på med. Ingen av markane blei klipte i fjor, noko som gjer at det er mykje tørt daudt gras som ligg i vegen for nyegraset. Vi kjem til å brenne alle markane som ligg på nedsida av vegen. Då desse har elv på nedsida, avskjeringsgrøfter mellom seg og vei over, er dette ganske trygge marker å brenne. Jamvel om det likevel er ild vi leiker med...

Hønene har lenge no verpa ekstremt lite, 3 egg på 9 høner per dag. Men i dag kom der 6 egg. Ingen heilt kvite egg har vorte verpa frå påske og fram til no, så mykje tyder på at mine italienera no er for gamle og må byttast ut.