Dia har fått kaninunger! Heile åtte stykker, men ein var død når eg fann dei. Det såg ut som den var fødd utanfor bolet. Utan syskena varmt høy og kaninull døydde nok den vesle av kulde i natt ikkje lenge etter fødselen. Eg fann ein kald unge i bolet og flytta denne til dei andre syskena. Eg er ikkje sikker på at Dia klarer å ta vare på dei, men ho må jo berre få gjere eit forsøk. Utruleg mange kaninunger til å vere fyste gangen! ikkje rart ho var stor! Angorakaniner er avla på på grunn av ulla, og difor har kullstørrelsen ikkje vore sett på som det viktigaste. Difor er ikkje store kull så vanleg hjå rasa.

Grisane koser seg, og roter i gjørma:) Dette er verkeleg intresanne dyr å følge med på! Eg har nesten bestemt meg for å behalde ei til to purker, hadde jo vore greit med grisunger sølv:)

Mosi har bedaglege dager for tida. Han er flytta til eit litt større beite med rennande vatn, på nedsida av vegen. Eg trur han koser seg her. Eg vurderer å skaffa han ein forrytter, så dersom nokon er intrisert, gje meg beskjed:) Eventuelt spør andre du trur kan vere intriserte.

Vi har tenkt meir på opningsdagen, og har kome fram til at vi tek den til hausten. Då har vi forhåpentlegvis kome meir i orden, fått alle dyra, og slepp å ha ei stress opning. Dessuten har vi fått eit par leide kommentarar om at vi ikkje må ha opning da, for då har dei ferie:) Så då håper vi på storoppmøte til hausten:)

Har hatt besøk av reven igjen... Klarte ikkje å halde hønene inne lenger, og har lete dei gå lause medan vi er ute å jobba på dagen, men eg finn berre nokre fjør frå den eine kvite italienaren min... Men no meinar eg at det er lov å jakte rev, så då håper eg nokon vil skyte han for oss. Det er nok raudrev i Noreg, så eg har ikkje dårleg samvit for å redusere denne bestanden.

Eg og mannen diskuterte dette med revehald. Vi har ein god del gamle betongrevehus på mellom to og tre kvadrat. Sidan reveoppdrett, altså pelsdyroppdrett er ei grein innafor landbruket, og det er historisk tilknytning her på garden, har vi kome fram til at vi må skaffe oss eit revepar. Eg tenkjer blårev eller kvitrev, sidan desse har det beste gemyttet for å kunne haldast i fangenskap. Dette er mutert fjellrev, og dei kan dele revir med andre rever. Dei vil sjølvsagt ha utegard som alle dei andre dyra

Berre å kome med komentarar eller liknande i "comments" feltet oppe til høgre:)