Må ha telt feil fyste gongen eg telde kaninungene. For no er der fire levande igjen, og til sammen 3 døde. Dei fire som er igjen er i fin form, og byrjer å sjå ut som ordentlege kaniner:) Dottera mi kalla kaninungane fyste dagane for mus. Når dei fekk litt pels og lengre øre kalla ho dei kaninmus:) Likheita mellom nyfødde kaninunger og mus er foresten slåande, absolut ikkje noko vakkert syn. Har tatt nokre bilete av ein av kaninungane, og legg desse ut i galleriet:)

Elles skjer det lite for tida. septimus har ikkje jaga hønene sida han vart kastrert, og det meste er i det roligaste laget. Forutan grisane då som hyler som galne når dei ser oss, og tigger mat:) Går eg inn med forbøtta, eller i det heile tatt innafor gjerdet, går dei rundt beina som om dei skule vore små kattunger. Litt vanskleg å gå med rundt 30 kilos kattunger siklande rundt beina.

I det eg skulle finne ut kva merke sauene som hadde forvilla seg inn på dyrkamarka mi hadde, trakka eg nesten på noko rart i graset. Ein mellomliten fugl. Pusta, men det vor då omtrent det einaste den gjorde. Dette var på ein sti ikkje mange metera frå vegen, så det er godt mogleg den har vorte påkjørt. Eg snudde den opp ned og leita etter skader, men fann ingen ting. Om den er i sjokk eller er dødeleg såra får vise seg i morgon. Eg putta den inn i ei hue som har husa kyllingar før:) Og sette han fint oppå nokre pallar. Eg tok han ikkje med inn av den enkle grunn at det har eg gjort før... Med det resultat at ein sjokkskada fugl vakna til live og flaug på vindaugsruta frå innsida, og var heller vanskleg å fange. Så klok av skade får den vere ute i friluft. Håper berre ikkje katten min tek han. Står han so stille som han gjorde når eg haldt på med han vert nok ikkje det noko problem. Katten har teke sin del av smågnagarar og fuglar, og eg håper verkeleg her ikkje er noko som er utryddingstrua for han er ein god jegar. Et dei gjer han og.

Søknaden om villsauer er tatt opp igjen. Grunna ein telefon frå seljaren til behandlaren i mattilsynet, verkar ho no venlegare innstilt på villsau i erdalen. Så då er det berre å vente å sjå om den går i boks da...

Så til neste gong, god sommar! Vi opnar til hausten. Tek sikte på den fyrste helga etter skulane byrjer igjen.

 

Ja no trur eg han slapp til litt:) Litt uerfaren hannen, men eg tur han får jobben gjort skikkelig i løpet av eit par dager, så da venter eg på små kaninbarn om ein liten månad:)