I går kveld henta eg og mannen min to kyr. Ei dexter ku, denne hadde desverre akkurat mist ein kalv. Dette er verkeleg kyr på min størrelse:) 90-110cm i skulderhøgde, og dermed betrakteleg mindre enn dei andre eg har. Ganske så tam også, fekk klappe heile den når den hadde hovuudet godt planta i kraftfor bøtta:) Uten den så vik den berre unda når eg kjem for nært.

Den andre kua er 50% dexter og 50% angus. Den er svær, litt større enn gallowayane mine til og med. Angus er ei kjøtferase som egner seg godt til økologisk drift, og er som dextera ei godkjend kjøtrase. Dei som vil lese meir om rasene kan gå inn på www.tyr.no. denne angus dexterkyra har ein bitteliten kalv, den er 75%dexter og 25 % angus. Denne vesle kalven jagde mine to store galloway kalver i går kveld, morosamt syn:) Flokken roa seg ganske fort ned utan tumultar, og ikngen hadde stukke av i dag tidleg:)

Dexterkua mi har horn, og blei dermed leiar i flokken med ein gong. I vertfall vik dei andre, mykje større kyrne unda matfatet når ho kjem. Men glea er nok kortvarig for henne. For no er mannen min og ein kompis på veg for å hente fleire kyr. 2 dexterkyr, ei drektig og ei med ein større kalv. Den drektige er leiarkyra der alle kyrne kjem i frå. Så denne vil nok verte leiar her og.

Fredag skal vi hente kasjmirgeiter. Bukk har eg funne, men den veit eg ikkje når vi skal hente.

Bilete skal eg leggje inn på galleriet ein av dagane, var litt for mørkt i går kveld til å ta skikkelege bilete.