Då har vi henta 12 nydlege kasjmirgeitekje:) Henta dei i dag i Geiranger, eg og mannen. Har sett dei inn til lamane, som var veldig nyfikne:) Håper lamane passer på knøtta mine i natt:)

Skal skrive meir, og kanskje legge inn nokre bilete også.)

Har foresten mjølka eine dexterkua mi, Solveig. For hand, spennande oppleving:) Resultatet er so longt: 0,5 liter 0,7 liter i går, og to gonger 2 dl ca i dag. Ho vil ikkje stå stille lenge nok så eg får ut alt, er overbevist om at der er meir mjølk i juret. Ho mista for kort tid sida ein kalv, og var ganske sprengd i juret, så eg trur det var difor ho var så tolmodig i går. Får prøve litt til på same måten i eit par dagar til, men fortsetter ho å vandre vekk og ikkje ville meir etter 2 dl, lyte eg gjere nokre tiltak:) For mjølk vil eg jo ha når det er slike gode moglegheiter for det:) Ps, Dottera mi digger den. 4 dl drakk ho fyrste dagen og den var ikkje separert, veldig god og feit:)