Kyrne har no fått seg eit stort beite ned på eine dyrkamarka, så no er det slutt på rømminga:) Ser ut som om dei storkoser seg der:)

Lamane har vi flytta til innhegninga ovanfor huset, virker som dei saknar si gamle innhegning i blant. Problemet der var at dei ikkje åt alt graset som vaks opp på do-plassen deira, så snaubeita dei resten. Så no har eg raka gjødsla utover, og håper regnet slettar alle spor:) Slik at lamane kanskje tore nyttegjere seg av graset, eller nokre andre dyr.

Hønene liker ikkje å vere stengde inne i hønsegarden. Fann ei ute i går som var så våt som det er mogleg for ei høne å vere. Dette er ein sky italienar, men når eg opna døra gjekk den lydig rett forbi meg for å gå inn å varme seg:) Slepp ut hønene på dagtid når eg er heime. Mykje på grunn av at dersom dei ikkje får vere ute et dei så mykje kraftfor:) Dersom det er fint vær får eg litt problem med å få dei inn igjen, spesielt dei nyankomen jærhønene. Som det foresten berre er to igjen av... Dei stakk av når eg skulle ha dei inn igjen. Dei har klart å kome seg over innhegninga før, så eg håpte dei ville gjere det igjen. Men neida. Vakna av eit fole spetakkel to gongar, den siste såg eg reven, og la på sprag og skremde den. To høner, i staden for tre, gjekk då lydig inn til dei andre. Flink den reven eigentleg, plukker berre ei og ei høne. Nye hanen gjer tydeligvis jobben sin, for det var nok den som varsla meg:)

Prøver å skaffe gris no, men ingen svarar på mailane mine, grrrr. Så eg får ta meg ei ringerunde i staden:) Brune/raude Duroc ynsker eg meg:) Dei har meir intramuskulært feitt, toler meir sol, generelt meir hardføre, men får færre unger, samanlikna med den vanlege landrasa.

 

Kyr på farta:

Kyrne vore er ganske smarte har eg funne ut, eg er ikkje det... Vi har stengt av beite deira med  to spiral hemper, brukt til straumgjerde. Men utan straum på lærte dei seg fort at dette var berre å løfte vekk, og gå pent under. Fyrste gongen gjeta vi dei inn igjen, og knytte eit straumtau, utan straum på, som "forsterking". Nyttelaust. Kyrne kosa seg ute på kulturbeitet vora, utan å vere innestengde av gjerder. Så da tok eg den råsjansen å lot dei vere der, og det uten bjølle. Korleis i vidaste verda skal eg få festa den eigentleg uansett, har jo kjøpt ei no, men kyrne stolar jo ikkje så godt på meg...

Uansett fann desse kyrne ut at dei skulle gå ned til bygda, medan vi var i Ørsta heile dagen. Så fekk vi to telefonar om lause kyr, ups, flau. Ein kommentar var " Dokke ungdommar må lære dokke å ta betre vare på dyra dokkers", dei fleste avdre var av typren: Slikt skjer, kan skej med alle og nokre hjelpte meg litt i straten for å få dei heim. Noko som viste seg å vere såre enkelt berre vi fekk dei på vegen. Då gjekk eg aleine bak dei, samt ein i bil som kunne hjelpe meg om eg fekk problem. Så gjekk dei heile vegen heim, utan å stikke av nokon plass, og gjekk same vegen innigjen som dei hadde kome ut, omtrent utan hjelp.

Så kva lærte vi av dette? (Eller eg da, skal liksom være bonde å greier). At kyrne bør vere godt kjende med garden før vi slepp dei utanom gjerdet, og ha oppretta ein fast foringsplass der som dei kjem tilbake til. Sjølvsagt fekk dei ei ordentleg grind av Håvard, for eg kan jo ikkje snikkre...

 

Det betyr at eg er nødd til å setje opp masse gjerder, og det kvikt, for eg trur ikkje dei to måla dei har med beite no held i noko lengd, og eg vil jo ikkje svelte dei...

 

Rev!

Ditt kryp av ein slyngel! Jauda reven har vore på ferde igjen. Cinderella som var så glad i å flyge over gjerdet har ikkje retunert. Hermin som låg på reiret og var klukk er også vekk. Den siste høna var nok mest min feil, døra kan ikkje ha vore godt nok igjen... Så nå er den sikkra med ein stokk. Vi Såg luringen i går også, og dagen før. I går var han inne med lamane, rett utanfor hønsegarden, låg å kjika, men måtte gå vidare like svolten. Lamane såg den, men var verken redde eller nyfikne angåande den nyankomne. Kanskje dei alt har blitt vand med den..

Vi forhører oss no om det er mogleg å skyte den. Liker uansett ikkje å ha den så nært inn på dyra. Mulig den har skabb som sagt, stygg var den, men den hadde jo pels så eg veit ikkje...

 

Eg skal hente to Jærhøns i dag, så då får eg litt fleire høns igjen, berre ikkje reven tar desse også...