Kyrne har no fått seg eit stort beite ned på eine dyrkamarka, så no er det slutt på rømminga:) Ser ut som om dei storkoser seg der:)

Lamane har vi flytta til innhegninga ovanfor huset, virker som dei saknar si gamle innhegning i blant. Problemet der var at dei ikkje åt alt graset som vaks opp på do-plassen deira, så snaubeita dei resten. Så no har eg raka gjødsla utover, og håper regnet slettar alle spor:) Slik at lamane kanskje tore nyttegjere seg av graset, eller nokre andre dyr.

Hønene liker ikkje å vere stengde inne i hønsegarden. Fann ei ute i går som var så våt som det er mogleg for ei høne å vere. Dette er ein sky italienar, men når eg opna døra gjekk den lydig rett forbi meg for å gå inn å varme seg:) Slepp ut hønene på dagtid når eg er heime. Mykje på grunn av at dersom dei ikkje får vere ute et dei så mykje kraftfor:) Dersom det er fint vær får eg litt problem med å få dei inn igjen, spesielt dei nyankomen jærhønene. Som det foresten berre er to igjen av... Dei stakk av når eg skulle ha dei inn igjen. Dei har klart å kome seg over innhegninga før, så eg håpte dei ville gjere det igjen. Men neida. Vakna av eit fole spetakkel to gongar, den siste såg eg reven, og la på sprag og skremde den. To høner, i staden for tre, gjekk då lydig inn til dei andre. Flink den reven eigentleg, plukker berre ei og ei høne. Nye hanen gjer tydeligvis jobben sin, for det var nok den som varsla meg:)

Prøver å skaffe gris no, men ingen svarar på mailane mine, grrrr. Så eg får ta meg ei ringerunde i staden:) Brune/raude Duroc ynsker eg meg:) Dei har meir intramuskulært feitt, toler meir sol, generelt meir hardføre, men får færre unger, samanlikna med den vanlege landrasa.

 

La meg byrje brått. Julius er død.

Vi kom fram til at vi måtte slakte vår mest nysgjerrige lama, og mest tame lama på mange måtar. Det er nok dette som blei has bane. For han har i eskalerande grad vorte aggresiv mot oss menneske. Det byrja med litt foriktig spytting når vi kom for nære, så røyste han seg på bakbeina mot høge mannfolk, til sist har han også reist seg opp på bakbeina mot meg og sparka etter meg med framføtene. Dette kombinert med frøsing av magesyre er ikkje nokon ufarleg oppleving for meg eller besøkande. Så då håper eg at eg  får forståing for at eg måtte ta denne avgjerda... Eg har også fått vite at bestefaren var på same måte, snill og tam fyst, farleg etterpå, og han leid same skjebna.

Ingenting skal helst gå til spille på ein gard, ievertfall ikkje ein som min, som er fundamentert mykje på tanken om sjølvberging. Difor fekk vi hjelp til å slakte han, og dette heng no til modning. Skinnet er salta og skal garvast. Eg har vorte innformert om at den veiledande prisen på lamakjøt er 300 kr kg! Hjeiks, jaja det bør bety at det smaker bra, og er er veldig spent.

Dei to andre lamane klarer seg fint, dei heng saman som erteris som vanleg. Eg har bestilt kastrering av Septimus. Noko innavl vil eg heller ikkje ha, og eg treng ein tam og sikker kjøre og kløvlama. Eg håper han vil like den jobben. Eg kjem ikkje til å kjøpe meg ny hingst, då får eg heller leige en når eg treng den... Eg vil ikkje ha farlege dyr på garden, dei fleste hingster er likevel heilt greie, men eg må kunne vere sikker, og bruke dyra til det dei er tiltenkte til.

Kyllingane veks. Den 16 kyllingen klekte omlag to dagar etter dei andre. Men i dag fann eg desverre ein død, og eg trur det var denne. Den verka litt slapp i gårkveld også, utan at eg kunne finne noko gale med den. Men det er desverre slik som kan skje med kyllinger og andre dyr... Så eg får berre venne meg til det og forsøke å forhindre det best mogleg.

Dersom nokon vil ha seg trivlige kyllinger, desse passer ikkje så godt inn i bedriftsplanen min, så er det berre å seie i frå. De skal få dei veldig billig:) Det som er kjekt med dei er at ingen er heilt like, og dei vil ikkje verte det som vaksne heller, difor er det lett å verte kjend med kvar enkelt høne. Då gjer ein seg mange spennande oppdagingar:)

Er lei meg for at eg oppdatterer sida så skjeldan, men lover dette vert betre når vi får internett på garden 14.mai.

 

No er den nye innhegninga til lamane ferdig. Dei får gå inn i fjøsen om dei vil, men dette er tydelig vis ikkje intresant, så no søv dei også ute. Det er tydelig at dei storkosa seg i fineveret.

For oss tobeinte er det bråtebrenning vi held på med. Ingen av markane blei klipte i fjor, noko som gjer at det er mykje tørt daudt gras som ligg i vegen for nyegraset. Vi kjem til å brenne alle markane som ligg på nedsida av vegen. Då desse har elv på nedsida, avskjeringsgrøfter mellom seg og vei over, er dette ganske trygge marker å brenne. Jamvel om det likevel er ild vi leiker med...

Hønene har lenge no verpa ekstremt lite, 3 egg på 9 høner per dag. Men i dag kom der 6 egg. Ingen heilt kvite egg har vorte verpa frå påske og fram til no, så mykje tyder på at mine italienera no er for gamle og må byttast ut.

 

I går og i dag har eg, mannnen, fedrane vore og min veslebror snikra gjerde. Tanken var at lamane endelig skulle få litt fri frå båndtvangen. Problemet var berre at dei blei så gira på fridommen i det varme vårveiret, at dei hoppa glatt overt gjerdet... Septimus, ungfolen  av ein lama var fyst ute, kjapt etterfølgt av hingsten Julius. Dette hadde vore nydlege bilete der dei to galloperte i ei uhorveleg fart bortetter vegen og blei vekke i solnedgangen.. Rosita blei heldigvis igjen innen for gjerdet. Vi fanga henne og venta i eit knapt minutt før dei to ville hingstan kom galloperande tilbake. Septimus flug over gjerdet på ny, medan kongen Julius ville springe inn porten.

Vi hadde etter det null prioblem med å få dei inn i fjøsen att, sidan flokk innstinktet deira plasserer dei nært hoppa Rosita som vi leida i band. Men gjerdet må nok forlengast med omlag ein halvmeter... Vi lærer så lenge vi lever:)