Litt nytt no. For det første har vi mist eit kje. Garantert på grunn av mageproblem. Eg trur det er fordi den har ete for mykje hønsefor, eit anna alternativ er for mykje saltstein. Så då flytta vi heile gjengen opp på storebeitet, saman men kyrne og hesten. Vi tok sjangsen på å flytte lamane saman med dei, lamane passer litt på kjea. Gjerdet er berre ein meter høgt, men foreløpig held alle seg innafor gjerdet:) Hengde ei bjelle på Rosita, ho lamaen som ekstra sikkerheit.

No har vi skaffa oss ein fanghekk, og om ei stund skal vi byrje å tillegsfore kyrne på beitet, men foreløpig har dei det dei treng trur eg. Når denn er oppmontert og kyrne er vand til den, kan eg endeleg drektigheitsteste kyrne, og vil ta ultralyd på rosita også.

Andre slotten skal vi ta no snå snart det vert fint vær, fortrinnsvis i morga om det vert som det er meldt. er i seinaste laget, for graset har gulna litt desverre... Neste helg skal vi kanskje hente bukken og ein jærhane. Då kan eg snart byrje å ruge ut kyllingar:) Har plana om å lae til nokre små bingar inne i fjøsen, så får eg skilt frå dei hønene og den hanen eg skal bruke:)

Har framleis to kaninunger for sal, samt mini, vår yngste minigris hingst. Denne kan eg også bytte mot ei purke, dersom nokon er intriserte. Vil leggje ut anonse på finn i dag eller i morga, må ta litt nye bilete fyst:)

I dette været ser eg det vert tvingande naudsynt med ein lavvo håper mannen får tid til å lage til ein, men det skal halde hardt i nærmaste framtid er eg redd...

Skriv gjerne ein beskjed i komentar feltet:)