Mykje å setje seg inn i for tida. Men har endeleg klart å bestille lovpålagde øyremerker til dyra mine. Skal love dykk at det var ikkje heilt enkelt, og eg måtte innom mattilsynet sine nye registreringssider, snakk om bal... Venter også på godkjenning som besøksgard hjå mattilsynet, når eg ringde fredag var der berre ein på arbeid. Han kunne ikkje hjelpe meg, så han ba meg ringe måndag. Eg spurde då eksplisitt om der då var fleire på arbeid, joda det var der... Ringde måndag og møter telefonsvareren som ytrer dette :" Den personen som har dette nummeret er på reise og kjem tilbake torsdag". Mhm, dei maskinelle personane var i vertfall på arbeid...

No har kyllingane mine fått full fjørdrakt, og er dermed klar for utelivet. så i dag skal eg og mannen tilpasse nokre kasser og nettingbur som har vore brukte til rev. Slik skal kyllingane også få lov til å ete gras og kose seg ute i sommarveret:)

Må melde meg inn i nortura for å kunne skaffe meg duroc gris. Det synest eg det tok litt for lang tid å finne ut av. Koster flesk gjer det også... men må man så må man...

Framleis ingen kaninunger... Begynner å tru at hoa mi er for feit... kan verte problem av sont...

Skaffa meg ein jærhane til jærhønene mine. Men dette var eit heller dårleg val. Han går ikkje skikkelig, og det er noko allvorleg gale med beina. Så den er utelukka for avl. Håpte den kunne gå i lag med resten av hønseflokken til neste slakterunde, men det har til no ikkje gått så bra... Han er eit mobbeoffer stakkar. Skal ned å sjå til han no. Han er inne i hønseflokken igjen etter nokre dagar i isolat for å kome seg.

Etter eit siste angrep av rev er hønene mine inne i hønsegarden på heiltid. Risikerer ikkje at han tek fleire no. Han er jo her midt på dagen!

Ingen har kome med forslag til ku namn i forumet, berre kom med forslag:)