Då har vi henta kasjmirbukk. Han heiter småen, men det passer aldeles ikkje! Han er meir som ein stor hårete (og stinkande av bukkelukt:)) trekkhund. Tam som berre det. Har vi kraftfor er det berre å klappa iveg. Har ikkje vore agresiv i det heile. Lurer på namne elvis eller hårspray grunna raggen, han har hårbukser på:)

Ny Jærhane har vi også fått oss, og no er han sett i hop med jærhønene i eit forsøk på å skaffe rugeegg:)

7 haner skal slaktast, så fort som mogeg, seinast torsdag. For då kjem 7 nye kvite italienarar som skal hjelpe til med eggproduksjon i vinter:) Dessutan er dei over slaktemogne og et alt for mykje, samt stressar hønene slik at dei legg lite egg og ikkje vil gå ut...

Kjea finn stadig nye måtar og bestige gjerdet på, så no er dei frittgåande:) Men når vi får besøk stengjer vi ei inne på tunet som sist:)

Mosi, hesten er no seld og henta. Litt trist, men eg trur han får eit meir aktivt liv der han kjem. Eg kjem til å leige hest med førar når vi har open gard. Om det er mogleg å finne tak i då sjølvsagt)

Mini, minste minigrisen er også seld, men ikkje henta enda. Den siste hokaninungen er også holdt av. Så da har vi kun igjen ein liten hankanin unge, som foresten er den tamaste av alle kaninungene. Noko eg tykkjer er rart, for faren er ikkje like tam, men han har vel arva mora sitt gemytt:)

Skriv gjerne komentarar i koments feltet.)