Kalving på Erdalen gard!

Måndag morgon hende det noko. Eg hadde alt vore ute ein tur med kyrne, då eg trudde det var veldig nært kalving på fleire av dei.  Men der var ingen kalv. Eg forsøkte å kome nært Sida Trønder og Nordlandsfe kviga mi,  Emilie, for å kjenne på halerota hennar. Den skal verte mjukare når fødsel er i gang. Men ho ville ikkje sleppe meg nærmare enn eit par meter.  Eg ante fred og inga fare og gjekk inn igjen. Etter nokre timar ser  eg ut gjennom baderomsglaset. Der såg eg Emilie, liggande og presse. Oj no er fødselen i gang tenkte eg. Eg måtte skunde meg å leggje yngstedottera i vogna så ho kunne sove, finne kamera og springe ut. Jau so sannelig, der var det alt to klauva ute. Kva var ditta rosa som også stakk ut, jau ei tunge! Snart såg eg snuten og. Eg forsøkte å hjelpe til litt med å drage, men fekk dårleg tak på dei sleipe klauvene.  Kviga røyste seg opp og gjekk vekk i frå meg. Er dette normalt da tenkjer eg, og byrjar å verte redd for kalven.  I det eg ringer til Helge Erdal, min gode nabo som kan slikt, dør telefonen min, tomt batteri…  Eg går å hentar tau, og tenkjer eg kan feste det rundt klauvene og på den måten hjelpe kalven ut. Men det hjelper lite, då kviga nektar å sleppe meg nært nok.

Eg spring inn i huset, finn ladaren og ringjer Helge. ”Er klauvene og snuten ute seier du? Då kjem nok kalven snart sjølv skal du sjå, kanskje er den ute allereie når du går ned att” seier Helge, og ber meg ha litt is i magen. Lettare sagt enn gjort, då dette er den fyste kalvinga eg har fått vore med på, dei andre har skjedd utan min viten, og plutselig vore der.  I det eg går ned til kyrne att, ser eg ho har fått selskap, to andre kviger står atmed ho. Kva er det eg ser som henger ned bak ho? Jau to svarte lange bein!  Eg skunder meg for å kome litt nærmare i ein betre vinkel, og der sklir kalven ut før eg får sukk for meg!  Emilie har vorte Ku!

Kalvinga skjer ikkje langt i frå ei skråning. Den skal sjølvsagt kalven trille ned i gjøna når den skal stable seg på beina. Men det gjekk heilt fint. Mora klatra ned og. Men då der var bekker på alle kantar der nede, bestemte eg meg for å bære den opp på marka att. Tung den kalven, eg er veldig glad for at den ikkje var eit par kilo tyngre, for då hadde eg ikkje greidd det. Vel oppe får eg klappa den ei stund, før mora klarer å klatre opp igjen.  Eg får vere heilt nær kalven utan at ho røyver meg, men passer på det gjer ho. Ho slikkar kalven godt. Det er ikkje fritt for at kalven røyser seg litt ekstra brått når mora reingjer halen,  eg trur  ho beit litt!  Så da må eg berre finne ut korleis eg skal få mjølka kua, for eg vil ynskjer meg råmjølkspudding!

Det er ein liten kvigekalv, og den har fått namnet Synnøve. Så om du vil treffe Synnøve er det berre å kome på søndag.  Eg har store planar om å lære henne  å gå pent i band, så då får de sjå om eg lykkast med detJ

 

 
  Eg vil fortelje dykk om noko som hende i dag, det te er det underligaste eg har nokon gong har oppleve i mitt forhold til dyr.

 

Eg haldt på med å setje opp eit gjerde, det byrja å regne og geitene kom springande. Dei vil helst inn i hus når det regnar. Etter ei stund legg eg merke til den særeigne svarte og kvite geita, ho står på vegen ikkje langt frå meg og ser på meg. Dette gjer ho i fleire minutt, heilt aleine, før ho går sakte opp til fjøset og dei andre geitene. Etter å ha gjerda ei god stund til ser eg geitene kome. Jamvel om det regnar framleis.  Ei geit kjem heilt bort til meg, noko som i seg sjølv er rart, då eg ikkje hadde noko godt til den eller ropte på den.  Då eg strekker handa bort til den trekkjer den seg litt vekk, og eg ser med eitt at den har litt blod i pelsen. Eg teljar over dei, jo alle er der, bortsett frå den svarte og kvite. Eg går langs vegen mot fjøset, og passerer geitene, ytterligare to har blod i pelsen.  Då eg er nesten framme høyrer eg mekring i fjøset, mekringa frå eit nyfødt kje. Eg går inn og ser eit lite kvitt kje rett  ilag med mora. Rett etter ser eg eit til, dei fyrste killingane, altså tvilling kje, er fødde på garden! Så rart, dei prøvde verkeleg å fortelje meg at noko var på ferde, dette kjem eg nok til å hugse resten av livet.

 

Eg fekk teke nokre bilete, og laga det litt betre for dei nyfødde i fjøset før det mørkna for kvelden. Dottera mi Ronja fekk også helse på dei nyfødde, dei leita og smatta slik på henne. Dei leita nok etter spenane til mora. Vi fekk vist dei spenane, og fekk sjå at begge to drakk godtJ Ein gøymestad, der ingen vaksne geiter kan kome fekk dei også, men eg trur nok dei heller vert i lag med mora i natt, ho stanga vekk alle geitene som nærma seg ungane. Ei god mor den geita:) Men vi fekk vere i fred, jamvel om vi løfta opp kjea hennar, så rørte ho verken meg eller Ronja, og sto stille når vi førte killingane fram til spenane.  Kjea verkar friske og fine, så kjem du ein tur på søndag får du treffe dei, ja kanskje endatil halde eit av dei, dei er ikkje større en ei halvgammal kattunge:)

 
På laurdag fekk vi henta både kyr og geiter:) Geitene var høgt til fjells, over 1000m høgde, i oksegjølet, i nærleiken av Ramoen og Molladalen. Kyrne var til skogs, framme på setera lenger framme i dalen.

Har hatt vartdal barnehage på besøk i dag, vi kosa oss i fneværet:)

Eg har kaniner, geiter og kyr for sal. Berre ta kontakt:)

Har lagt ved ferske bilete:) Trykk på dei for å få dei større. Solveig, ein dexter kyra, kan kalve kva dag som helst:) Det er den med horn uten bjølle.
 
Lamaparing

Fyrstkomande søndag skjer året sin viktigaste hending på Erdalen Gard! Vi har gjort ei avtale med ein lamaeigar i Ulsteinvik, og vi har vorte einige om å arrangere stemnemøte. Rosita er klar for paring att, og eg håper ho likar denne mystiske mørke lamahingsten. Kven denne mystiske hingsten er får verken ho eller gjestane vite før vi slepp dei to saman på stemnemøteJ Når Rosita har latt dei siste borna ri på henne, er ho klar for børsting og stell for stemnemøte.  Dette vert nok veldig spanande. Det er vanlege at hingsten bit hoppa i knea, det utløyser ein liggjerefleks, ja lamaer parar liggjande! Det er og mogleg ho ikkje er heilt føyeleg og dei kjem til å spytte på kvarandre så magesyra spruta, slik lamaer plar ved interne kranglarJ

Vi håper sjølvsagt at mange tek turen søndag formiddagJ Vi fyrer i peisen i stova og i grillen i lavvoen. Velkomne!
 
fighter har fått seg ein kompis, Strike. Strike kom seg ut heil sjølv, og var der plutselig i dagtidleg.  No har Strike Fighter flytta saman med påfuglkyllingen:) Strike Fighter gøymde seg under påfuglen med det samme:) Sikkert kjekt for den å få litt mindre selskap, for kyllingane har vokse frå han i rekordfart. Dei store kyllingane derimot har flytta  ut til klukkhønene, og koser seg i graset:)

Hugs at vi har ope kvar søndag, og det er berre å kome, jamvel om ein berre vil ha kaffi. Berre ungane eg tek betalt for 50 kr, eller 125 for årskort ut året:)

nokon som veit om noko lokalt eg kunne ha selt? ta
 
Ingen teikn frå fleire kyllingar. Men Fighter har eg klart å hjulpe ut. Problemet er lite fuktigheit i maskina. Tørr hinne som sitt fast i huda gjer at kyllingen får sår om ein dreg i hinna. Så det eg gjorde var å bløyte kyllingen fleire gongar, til huda løsna. Ein litt sliten og våt kylling, men del leve, enda i vertfall. Det er ein dverg kylling, så den er bitteliten. Krysser fingrane for at den overleve natta! Den klatrer på dei andre egga og virkar i god form som kyllngar flest:)


I morga skal eg lyse egga att, der er mange påfugl, and og kyllingegg. Håper å få ut i vertfall nokre fuglar til. men forholda er ikkje optimale, får ikkje fukyigheita høg nok. Så til neste klekking må eg tille med sprayflaske:)
Picture
 
Mykje nytt med oss no, om enn ikkje alt klart ved skrivande stund.

-Ope kvar søndag, uansett vær:)

- kiosk og koselige sitjeplassar i kjellaren. Same gode svelene, men utvalget vert nok noko betre:)

Prisar:
50 kr per barn 1-13år
0 kr for vaksne
250 kr årskort. 125kr, ut 2010. Ta med foto.
Omvising berre etter avtale utanom søndagane, 40kr per pers, vaksne og born.

-Vi går og snuser på ein atraksjon til, men kva det vert får vere hemmelig.

- Angorakaniner for sal. Vil du ha eit lodden ullproduserande nøste? Vi vil erstatte dei med meir hardføre og utegåande kaniner i staden. Men dei er flotte for heimespinnarar:)

Om du lurer på kvifor eg plutselig forandrar så mykje? Vi var på besøk på hakkalistranda og blei så inspirert at eg knapt får sove. Absolut å anbefale eit besøk dit:) Vi kjem ikkje til å kopiere dei, vi gjer ting på vår måte likevel:)

Kom gjerne med tilbakemelding til dette, går dette rette vegen for erdalen gard tykkjer dokke?
 

Vi vil igjen opne dørene våre fyrstkomande søndag, og håper på  knakande bra vær

12-15 som vanleg:). I det eg skriv er klekkinga i full gang i rugemaskina,  vi har mange kyllingar, til og med ein  påfuglkylling! Lamaen Rosita ber som ho bruker born til og med fjerde klasse, tørr du? Elles kan du sjå kyr, kaninar, høner, påfuglar, og marsvin hjå oss.  Du kan treffe dei fleste dyra utandørs. Vi har også ein stor lavvo med grill og duplo klossar. I kiosken sel vi nydelege sveler av lykkelege egg, kaffi, brus og fairtrade sjokolade.  Vi har sett litt av ein svært rar fugl siste veka, og eg har lese att akkurat denne legg store gullfarga egg. Sjokkokakkapappegøye heiter den, kanskje du finn egget? Velkomne skal de vere:)

Ja no har eg hatt ni fyste arbeidulykke som gjer at eg hamna på sjukehuset, ikkje innlagt da heldigvis... Vel slik går historia:
klokka 5 oh halv åtte i forgårs sprang eg ut å jaga ein reveunge. I natt, mørkt, vått og i pøsregnet fekk han tak i anna and... Eg hoppa i gummistøvlane og sprong for å redde henne. Dårleg kledt elles. Så kjende eg at eg miste balansen , og fekk nesten igjen balansen før eg snubla over ein stokk, stupte framover og tryna skikkelig. Nokre skrubbsår og ein veslefinger i ein veldig rar vinkel. Ingen av delane var lokt i det heile før eg såg at reven slapp ei levande and, men då blei fingeren veldig lok... Reven kom tilogmed tilbake å såg på meg, før fleire høglytte stygge gloser skremde den inn i skogen, der den atter ein gang skulle stire på meg. Vel vist du les dette rev: jegerprøva neste, og da dør du på fyste skot!

Barn og mann i bilen til legevakta. Litt draging i fingeren og den retta seg litt, og den verste smerta gav seg. I dag tok dei røntgen, og fekk konstantert eit trekanta brot i venstre veslefinger... Vel det er farleg å  vere bonde...

Får heldigvis hjelp av familie på søndag, så vi skal halde oppe med knallgode sveler likevel. Let oss ikkje stoppe av ein liten reveunge, den skal uansett ende som eit par han
 
Vi har då våre på ein liten hyttetur, og det var difor ikkje ope med oss i dag. Men om været er på vår side har vi ope neste søndag:) Håper att ingen kom og fann tom gard... Vi fann fyst ut når vi kom til hytta, som då ikkje hadde internett, at vi skulle vere der  tilogmed denne søndagen... Følg med i avisene, trur der kjem til å stå noko før neste open dag, men for sikkerheitsskuld legg egg det inn her og:)

Kyren, dei aller fleste av dei, er no på setera, og dei har halde seg der heile tida mens vi har vore vekke! Flott! Eg begynte å verte ein smule lei kyr som stakk av heile tida...

Kyllingar har og klekt, 8 nye i talet, men der ligg og 4 påfuglegg i rugemaskina, håper at nokre av dei klekker denne veka! Har nokre nye egg som og skal i maskina, så kyllingar har vi i heile sommar:) Andrikk har vi kjøpt, så vi håper på at janna and vil ruge ut nokre andungar for oss:)

God sommar! Vi skal halde ope ei veke i fellesferien og er planen, men venter på finevær og at mannen har ferie og:)
 
No har vi fått oss ei SN kvige, sida trønder og nordlandsfe. Nydelig! Ho skal kalve i haust. Planen er då at ho skal verte mjølkekua mi. Eg må høyre med mattilsynet kor vansklg det er å få godkjent sal av mjølkeprodukt, for vist ikkje vert det berre til privat bruk... Men planen er at ho skal vere så tam at folk skal få prøve seg på handmelking:) Ho er alt veldig tam, tamaste av alle kyrne mine. Men ho er ikkje så lett å få tak i, ho må gå litt i trongsteg, og då er det ikkje noko problem å ha på ho grime og leide ho. Men ser ho ein utveg, spring ho. Så vi øver litt kvar dag, ho står inne i fjøset til vi er nøgde med dette:) Vi kan jo opne døra etter kvart så dei får lufte seg på tunet.

Ja eg skreiv dei, den andre er ein dexter oksekalv. Denne skal bedekke alle kyrne i haust er planen, men han er litt liten så han må forast godt. Men det spørst om ein del av kyrne og kvigene blei drektige av den største oksekalven eg hadde, jamvel om han var langt i frå året gamal, men han var stor for alderen trur eg. Så dette må sjekkast ut. Det er ikje så mykje gale om han har gjort nokon drektige, men det verste er jo om han har gjort mora drektig... Går det bra, og kalven vert velskapt, kan den ikkje gå til noko anna enn slakt, og er det ei kvige er jo det litt synd. Men eg skal ikkje ta sorgene på forskot, det er jo ikkje sikkert at ho er drektig.

Geitebesj... Noko av det minst trivelige synet eg møter om morgonen er besj på altanen, masse besj. Då har nokre av geitene bestemt seg for å sove der om natta... Så eg forsøker å oppgradere gjerda. Vi har alt hatt straum på ein del, steinsett botnen o.l. Men dei finn heile tida nye stadar å stikke av...  Får berre fortsette med oppgraderinga til dei held seg der dei skal! Dei kan gå så langt opp i skogen og heilt til fjells om dei vil, men hagen og dyrkamarkene trekkjer meir på dei ser det ut til...

Eg har lova på facebook at vi skal skaffe oss fleire kaninier om vi får 500medlemmer på sida, som heiter erdalen gard. Då gjer vi det samae som vi har gjort med påfuglane og endene, gjerdar inn eit revehus. Då kan folk gå inn og setje seg saman med kaninene, og om ingen skremmer dei og spring etter dei, så vert dei nok så tame at dei kjem bort til deg så du får klappe dei og plukke dei opp. Det er i vertfall planen:)

Her kjem nokre bilete. Vi trudde fuglen du ser på eine bilete var ein spurvehauk, glade blei vi når den begynte å sei "ko ko, ko ko". To stykker som held oss med selskap svært så ofte:)