Erdalen gard

Då har vinteren kome til Erdalen og. Med det så fekk kyrne kome inn i fjøset. Dei klarer seg fint ute jamvel om det er snø, men då fleire av dei ventar kalv, og dei treng ein del for, er det greiast for meg å ha dei i fjøset. Solveig har også fått ein liten kalv, og eg hadde litt lyst å verte kjend med den og. For utandørs er det omtrent umogleg å kome inn på dei. Så no har du sjansen til å kome veldi tett innpå kyrne i fjøset, kanskje tore du å klappe ei på hovudet? Kjem du i byrjinga av opningstida vår, så har du også sjansen til å prøve å mjølke for hand! For Emilie, godkua mi, let deg gjerne prøve deg. Eg skal vise deg korleis om du ikkje kan det, og vil vere attmed deg heile tida. Sist søndag var det fleire som prøvde seg, og alle klarte å få ut mjølk or juraJ

 

Geitene går ut og inn av fjøset som dei vil, men då snøen kom er dei mest inne. Dei ringborkar nokre tre ute, men det er og det einaste dei finn å ete. Så desse gomlar høy inne. Berte og Kanutte, killingane vore, held seg og mest innandørs. Desse kan du få kose med om du vil, dei har vakse litt, men er framleis mindre enn ein katt. Dei store kjea vert snart sende til slakteriet, slik er livet på ein gard.  Som gardbrukar har eg bruk for både pengane og plassen til andre ting.

 

Vi fyre både i stova og i lavvoen, berre ta med grillmat om de ynskjer. Velkomne!

Lamadama Lillian Auflem øye


 

 
  Kalving på Erdalen gard!

Måndag morgon hende det noko. Eg hadde alt vore ute ein tur med kyrne, då eg trudde det var veldig nært kalving på fleire av dei.  Men der var ingen kalv. Eg forsøkte å kome nært Sida Trønder og Nordlandsfe kviga mi,  Emilie, for å kjenne på halerota hennar. Den skal verte mjukare når fødsel er i gang. Men ho ville ikkje sleppe meg nærmare enn eit par meter.  Eg ante fred og inga fare og gjekk inn igjen. Etter nokre timar ser  eg ut gjennom baderomsglaset. Der såg eg Emilie, liggande og presse. Oj no er fødselen i gang tenkte eg. Eg måtte skunde meg å leggje yngstedottera i vogna så ho kunne sove, finne kamera og springe ut. Jau so sannelig, der var det alt to klauva ute. Kva var ditta rosa som også stakk ut, jau ei tunge! Snart såg eg snuten og. Eg forsøkte å hjelpe til litt med å drage, men fekk dårleg tak på dei sleipe klauvene.  Kviga røyste seg opp og gjekk vekk i frå meg. Er dette normalt da tenkjer eg, og byrjar å verte redd for kalven.  I det eg ringer til Helge Erdal, min gode nabo som kan slikt, dør telefonen min, tomt batteri…  Eg går å hentar tau, og tenkjer eg kan feste det rundt klauvene og på den måten hjelpe kalven ut. Men det hjelper lite, då kviga nektar å sleppe meg nært nok.

Eg spring inn i huset, finn ladaren og ringjer Helge. ”Er klauvene og snuten ute seier du? Då kjem nok kalven snart sjølv skal du sjå, kanskje er den ute allereie når du går ned att” seier Helge, og ber meg ha litt is i magen. Lettare sagt enn gjort, då dette er den fyste kalvinga eg har fått vore med på, dei andre har skjedd utan min viten, og plutselig vore der.  I det eg går ned til kyrne att, ser eg ho har fått selskap, to andre kviger står atmed ho. Kva er det eg ser som henger ned bak ho? Jau to svarte lange bein!  Eg skunder meg for å kome litt nærmare i ein betre vinkel, og der sklir kalven ut før eg får sukk for meg!  Emilie har vorte Ku!

Kalvinga skjer ikkje langt i frå ei skråning. Den skal sjølvsagt kalven trille ned i gjøna når den skal stable seg på beina. Men det gjekk heilt fint. Mora klatra ned og. Men då der var bekker på alle kantar der nede, bestemte eg meg for å bære den opp på marka att. Tung den kalven, eg er veldig glad for at den ikkje var eit par kilo tyngre, for då hadde eg ikkje greidd det. Vel oppe får eg klappa den ei stund, før mora klarer å klatre opp igjen.  Eg får vere heilt nær kalven utan at ho røyver meg, men passer på det gjer ho. Ho slikkar kalven godt. Det er ikkje fritt for at kalven røyser seg litt ekstra brått når mora reingjer halen,  eg trur  ho beit litt!  Så da må eg berre finne ut korleis eg skal få mjølka kua, for eg vil ynskjer meg råmjølkspudding!

Det er ein liten kvigekalv, og den har fått namnet Synnøve. Så om du vil treffe Synnøve er det berre å kome på søndag.  Eg har store planar om å lære henne  å gå pent i band, så då får de sjå om eg lykkast med detJ

 

 
  Eg vil fortelje dykk om noko som hende i dag, det te er det underligaste eg har nokon gong har oppleve i mitt forhold til dyr.

 

Eg haldt på med å setje opp eit gjerde, det byrja å regne og geitene kom springande. Dei vil helst inn i hus når det regnar. Etter ei stund legg eg merke til den særeigne svarte og kvite geita, ho står på vegen ikkje langt frå meg og ser på meg. Dette gjer ho i fleire minutt, heilt aleine, før ho går sakte opp til fjøset og dei andre geitene. Etter å ha gjerda ei god stund til ser eg geitene kome. Jamvel om det regnar framleis.  Ei geit kjem heilt bort til meg, noko som i seg sjølv er rart, då eg ikkje hadde noko godt til den eller ropte på den.  Då eg strekker handa bort til den trekkjer den seg litt vekk, og eg ser med eitt at den har litt blod i pelsen. Eg teljar over dei, jo alle er der, bortsett frå den svarte og kvite. Eg går langs vegen mot fjøset, og passerer geitene, ytterligare to har blod i pelsen.  Då eg er nesten framme høyrer eg mekring i fjøset, mekringa frå eit nyfødt kje. Eg går inn og ser eit lite kvitt kje rett  ilag med mora. Rett etter ser eg eit til, dei fyrste killingane, altså tvilling kje, er fødde på garden! Så rart, dei prøvde verkeleg å fortelje meg at noko var på ferde, dette kjem eg nok til å hugse resten av livet.

 

Eg fekk teke nokre bilete, og laga det litt betre for dei nyfødde i fjøset før det mørkna for kvelden. Dottera mi Ronja fekk også helse på dei nyfødde, dei leita og smatta slik på henne. Dei leita nok etter spenane til mora. Vi fekk vist dei spenane, og fekk sjå at begge to drakk godtJ Ein gøymestad, der ingen vaksne geiter kan kome fekk dei også, men eg trur nok dei heller vert i lag med mora i natt, ho stanga vekk alle geitene som nærma seg ungane. Ei god mor den geita:) Men vi fekk vere i fred, jamvel om vi løfta opp kjea hennar, så rørte ho verken meg eller Ronja, og sto stille når vi førte killingane fram til spenane.  Kjea verkar friske og fine, så kjem du ein tur på søndag får du treffe dei, ja kanskje endatil halde eit av dei, dei er ikkje større en ei halvgammal kattunge:)