Erdalen gard

Då har vinteren kome til Erdalen og. Med det så fekk kyrne kome inn i fjøset. Dei klarer seg fint ute jamvel om det er snø, men då fleire av dei ventar kalv, og dei treng ein del for, er det greiast for meg å ha dei i fjøset. Solveig har også fått ein liten kalv, og eg hadde litt lyst å verte kjend med den og. For utandørs er det omtrent umogleg å kome inn på dei. Så no har du sjansen til å kome veldi tett innpå kyrne i fjøset, kanskje tore du å klappe ei på hovudet? Kjem du i byrjinga av opningstida vår, så har du også sjansen til å prøve å mjølke for hand! For Emilie, godkua mi, let deg gjerne prøve deg. Eg skal vise deg korleis om du ikkje kan det, og vil vere attmed deg heile tida. Sist søndag var det fleire som prøvde seg, og alle klarte å få ut mjølk or juraJ

 

Geitene går ut og inn av fjøset som dei vil, men då snøen kom er dei mest inne. Dei ringborkar nokre tre ute, men det er og det einaste dei finn å ete. Så desse gomlar høy inne. Berte og Kanutte, killingane vore, held seg og mest innandørs. Desse kan du få kose med om du vil, dei har vakse litt, men er framleis mindre enn ein katt. Dei store kjea vert snart sende til slakteriet, slik er livet på ein gard.  Som gardbrukar har eg bruk for både pengane og plassen til andre ting.

 

Vi fyre både i stova og i lavvoen, berre ta med grillmat om de ynskjer. Velkomne!

Lamadama Lillian Auflem øye


 

3/23/2012 11:16:51 am

Thanks for details

Reply
3/29/2012 07:20:04 pm

Nice info bro

Reply
7/11/2012 01:46:16 am

will come back shortly

Reply



Leave a Reply.