Ja då tenkte eg at eg skulle leggje ut nokre bilete og kome med siste oppdateringane om stoda på gardenJ

Oksen iq er sendt til slakt. Vi held på å fange siste rest av kaninar ute med levandefangstfeller.  Vi samlar opp litt før vi slaktar desse og. Dei får springe fritt i ein ubrukt silo til vi er klare. Elles ventar nokre gamle høner og ein andrikk på å verte slakta. Så om nokon har lyst på noko av dette er det berre å take kontakt.

Vi har også vorte ferdige med kalvinga for i år. Totalen vart 2 dexter oksekalvar, ei dexterkvige og ein vestlandsk fjordfe oksekalv. Vi har eit mål om å ha 6 vaksne dexterkyr. Så no manglar vi berre ein kvigekalv til så er vi i mål og kan byrje å selje kvigekalvar.

Grisane går i lag med geitene i ein ombygd silo, dei kan gå ut og inn slik dei ynskjer. Geitene foretrekk å ligge i hyllene og grisane på den varme tallen i botnen(strø og skit, vert varmt og godt av nedbrytinga). Når eg er ferdig med fødsel sjølv, og bra nok til å jobbe litt igjen, skal slaktegrisen slaktast. Vi vil ha att ei vanleg grisepurke, Jord,  som vi håper skal få mange små grisunger med ullgrisen vår Ulle.

Hulda, shetlandsponnien har selskap av nokre lam. Eg tenkjer at eg bør skaffe meg ein fjording til sesongen. Så vi kan tilby riding på fullskala hestJ Så eg følgjer litt med på annonser, men det er litt tidleg enda. Men om nokon veit om ein utruleg snill fjording som kan vere aktuell er det berre å seie i frå. Hest på fôr er jo også eit alternativ for sommaren.

Elles blømer eg som regel over av idear om ting eg har lyst å gjere å få gjort på garden til neste sesong. Så eg håper på at helsa mi vert brått betre etter eg har født og at eg får ein veldig snill frisk ungeJ

Oppdatteringar gjer eg oftast på facebook. Men eg skal forsøke å verte flinkare her og, då ikkje alle har facebook konto.

Om de lurer på noko er det sjølvsagt berre å spørjeJ Eg håper at den neste opne dagen vert i påska, det har jo vore ein suksess førJ

8/8/2012 02:36:27 am

good post

Reply



Leave a Reply.