Bileta av den rosa jenta ved fairtrade skapet er Saga, dottera mi (1,5). Ho prøver å vise at vi har mykje god Divine sjokolade inne no, hugs å kjøp før vi stengjer for sesongen!:) Ho som held påfuglkyllingane på knapt ei veke no, er Ronja(4) elste dottera mi
Det skjer mykje på garden for tida. Martine angora har 6 unger no som akkurat byrjer å få auger. 2 kvite og 4 svarte. Det er mogleg dei to kvite får angorapels, det får vi vente å sjå:) Faren er 50% angora.

Anda Dolly greidde å ruge ut to påfuglar av tre egg, bra jobba. Andegga ho låg på satidig greidde seg ikkje desverre, for det kom ingen andungar. Men håper vi rekk ein omgang til før hausten kjem.

Dei tre flaskelamma og grisane Nøffe og Jord er storkompisa. Dei søv inne i griseskure i lag i ein haug om natta. Ikkje heilt ideelt, då grisane går ut for å gjere frå seg, og sauene ikkje, men utruleg søtt:)

Anna går som vanleg fritt på tunet, men vi lurer på å setje ho innatt med andrikken for å sjå om han kan befrukte egga ho legg, hadde jo vore flott med nokre fleire andungar, då Ole, Dole og Doffen har vorte store. Det har derimot vist seg at Doffen er den einaste av hannkjønn, og dei to andre er hokjønn, så vi bør kanskje tenke på å gje dei nye namn... Mange som har vore ute etter å kjøpe desse kjekke snegleetande endene, man har foreløpig ikkje fått nok andungar til å selje nokon enda...

Desutan så skal vi i dag ller morgon få eit nytt dyr. Dette er eit dyr du mest sannsynelegvis aldrig har sett før, heilt nytt på desse kantane å vidt eg veit:)  Men eg seier ikkje kva det er! Då må du kome på søndag for å sjå:)

Sjokkokakkapappegøya har også lagt eit egg på garden, ute ein stad. Så er du heldig finn du gullegget på søndag!

Høyet er også kome i hus, og siloforet. Vi håper på ein noke lunde bra andreslått og, men hjorten plar ete opp den... Vi regulerer antall dyr etter kor mykje fôr vi har, spesielt kyrne et jo i hau og dungar!

Ta deg ein tur, og ver med på vår nye atraksjon, Kusafari! Opp i den spesialbygde traktorhengaren og ver med fram på setera å hels på kyrne vora:) Dei går fritt fram på stara, ja heilt til molladalen om dei vil, men om vi gjer dei litt tid til å gå, så har dei kome kvar gong vi har ropt på dei:) Go kuene mine:)


Thea
7/24/2011 06:02:14 am

Kjempeflotte bilder. Spent på hva for et dyr som er på vei til Erdalen.

Reply
1/28/2012 08:46:21 am

Appreciate your info

Reply
3/22/2012 06:40:53 am

good post

Reply
3/23/2012 04:38:02 pm

will be restored before long

Reply
3/29/2012 05:40:10 pm

THX for info

Reply
3/31/2012 06:52:15 am

nice post

Reply
7/13/2012 04:09:38 pm

THX for info

Reply



Leave a Reply.