På sist laurdag blei det fødd heile 4 bukkekje! Desverre måtte vi take livet av eit av dei. for når eg kom i fjøset søndag kveld, låg det urøleg, og kunne ikkje røre seg. Kanskje har nokon stanga den i hovudet, det er i vertfall teorien... Det verste var at ho frå bygda som skulle kome å undersøkje bukkekjeet, sklei på glattisen framfor døra her, og braut handa.... Og eg som gløymde å seie at ho skulle vere forsiktig... Der var jo spegelblankt under snøven...

Kyrne koser seg i snøen. Dei får gå ut og inn som dei vil, og det er litt koseleg å følge med på dei gjennom vindauget:) Dei leikar seg og styrer på! Kalvane får opp ei sinnsvakt høg fart!

Problemet med å sleppe ut kyrne var mest det at då kunne dei gå inn til lamane, og drite der... Lamane er så reinslege, at dei besjer ikkje der som det er reint, men er det ei kurue der, vert det med ein gang toalett! Men no har vi klart å sperre av slik at kyr og kanskje også kalvar, held seg ute, medan lamane kan gå ut og inn som dei vil.) Takk og lov for ulik kroppsform:)

Frida og rose, dei to svarte mix ku og kviga vår er sende til slakteriet. I går fekk vi tilbake halve kviga som avtalt, så eg og mannen sto til midnatt og skar opp, laga kjøttdeig og fraus ned:) Så no har vi kjøt i lange baner:) Kua vog nesten 300 og kviga 154, slaktevekt altså. levandevekt er omlag det dobbelte, trur eg...

Dersom nokon vil kjøpe geitekje er det berre å gje lyd i frå deg:) Det er ikkje så lenge til Berte og Kanutte er leveringsklare.

det har og kome ein del kaninunger, 7 i talet no. Så om dei klarer seg vert det 5 løvehode og 2 angora-løvehode mix for sal om ei 6-7 veker:)

Noko du lurer på? Legg gjerne att ein komentar:)
Thea
12/17/2010 12:31:20 am

Hei
Flotte bilder Lillian. Det ser ut at kyrne trives. Det hadde vært kjekt med ei geitekje. Men hvor skal vi ha den?
Skulle virklig vært fastboende i Barstadvik. Veldig dumt at hun braut handa da.
Hilsen

Reply
Lillian Auflem Øye
12/17/2010 01:27:25 am

Reply
Lillian Auflem Øye
12/17/2010 01:29:52 am

Du får flytte hit da:)Elles er vel fastkjora geit i hagen på sommaren og i skjul/garasje om vinteren vel flott;)

Reply
Linn Mari
12/19/2010 04:21:51 pm

Hei!

Kjæmpefine bilda!!

Reply
3/23/2012 01:42:29 pm

will come back soon

Reply
3/29/2012 10:42:56 pm

Great info, thx

Reply
5/30/2012 06:26:30 pm

Nice one info, thanks

Reply
7/13/2012 12:46:54 pm

Fine post dude

Reply



Leave a Reply.