Eit geitekje blei fødd i går kveld:) fødselen gjekk som normalt heilt uproblematisk, og kjeet fann fort spenane til mora.

Det er heilt rart, kor godt eg kjenner att lyden av eit nyfødd kje. Mekringa har ei heilt spesiell tone, og eg veit at det er kome eit nytt kje, lenge før eg ser det:) Kjeet har fått namnet Sofie:)

Eg las i avisa Mørenytt her om dagen, at kyr tolet temperaturer ned mot 0 grader... Vel her står no døra ut på garden ope heile døgnet, og kyr og kalver går inn og ut som dei vil. Det gjorde dei og i 9 minus. I dag var den minste kalven på 2 veker ute og sprong i snøføyka:) Dei storkoser seg ute, både store og små. No er dei fleste av mine kyr spesielt hardføre da, men og melkekyrne koser seg i korte perioder utandørs:) Eg har foresten lese at kyr ikkje bruker energi til oppvarming av seg sjølv, før temperaturen er under 15 -. sjølvsagt om det bles så vert kuldepåverkinga større, eller om dei ligg direkte på snøv, men det skal altså litt til for at dei tek noko som helst skade av kulda. Eg trur heller at bønder prøver, og bør prøve å halde temperaturen over 0 grader grunna vatn i fjøset. Under 0 grader er det som kjend ganske vanskelig å halde vatn flytande... Ein må ha varme i vassautomatane då, og det har vel dei ferraste. Nyfødde våte kalvar har det vel heller ikkje så koselig under frysepunktet, jamvel om dei ville nok ha greidd seg. Her på garden ville vetrinær helst ha det over 5 grader i fjøset med nyfødde kalvar.

Eg har og hatt utegangar gris, av den same typen som går nakne i fjøs på 25 grader. Dei har litt hår, og skal ha moglegheit til ein tørr og trekkfri liggeplass! Største grunnen til den høge temperaturen i fjøsane er ikkje kva dyra toler, men når dei må fyre opp kroppstemperaturen med kraftfor. Det vert nok mindre tilvekst og betrakteleg dyrare å fore opp gris dersom ein skrur ned temperaturen i fjøset. Det er jo ikkje fornuftig heller, å fyre med kraftfor om ein kan fyre med straum, men tanke på alle meneske verda skal fø... Men tykkjer ein kan opplyse folk om dette da... Slik at ein ikkje går rundt å trur at griser og kyr er fødte pingler, for det er dei ei!


1/27/2012 05:43:19 am

THX for info

Reply
5/9/2012 04:03:51 am

will come back quickly

Reply
7/13/2012 10:17:29 am

Nice one info, thanks

Reply



Leave a Reply.