Ja då tenkte eg at eg skulle leggje ut nokre bilete og kome med siste oppdateringane om stoda på gardenJ

Oksen iq er sendt til slakt. Vi held på å fange siste rest av kaninar ute med levandefangstfeller.  Vi samlar opp litt før vi slaktar desse og. Dei får springe fritt i ein ubrukt silo til vi er klare. Elles ventar nokre gamle høner og ein andrikk på å verte slakta. Så om nokon har lyst på noko av dette er det berre å take kontakt.

Vi har også vorte ferdige med kalvinga for i år. Totalen vart 2 dexter oksekalvar, ei dexterkvige og ein vestlandsk fjordfe oksekalv. Vi har eit mål om å ha 6 vaksne dexterkyr. Så no manglar vi berre ein kvigekalv til så er vi i mål og kan byrje å selje kvigekalvar.

Grisane går i lag med geitene i ein ombygd silo, dei kan gå ut og inn slik dei ynskjer. Geitene foretrekk å ligge i hyllene og grisane på den varme tallen i botnen(strø og skit, vert varmt og godt av nedbrytinga). Når eg er ferdig med fødsel sjølv, og bra nok til å jobbe litt igjen, skal slaktegrisen slaktast. Vi vil ha att ei vanleg grisepurke, Jord,  som vi håper skal få mange små grisunger med ullgrisen vår Ulle.

Hulda, shetlandsponnien har selskap av nokre lam. Eg tenkjer at eg bør skaffe meg ein fjording til sesongen. Så vi kan tilby riding på fullskala hestJ Så eg følgjer litt med på annonser, men det er litt tidleg enda. Men om nokon veit om ein utruleg snill fjording som kan vere aktuell er det berre å seie i frå. Hest på fôr er jo også eit alternativ for sommaren.

Elles blømer eg som regel over av idear om ting eg har lyst å gjere å få gjort på garden til neste sesong. Så eg håper på at helsa mi vert brått betre etter eg har født og at eg får ein veldig snill frisk ungeJ

Oppdatteringar gjer eg oftast på facebook. Men eg skal forsøke å verte flinkare her og, då ikkje alle har facebook konto.

Om de lurer på noko er det sjølvsagt berre å spørjeJ Eg håper at den neste opne dagen vert i påska, det har jo vore ein suksess førJ

 
Esmiralda, vår elste vestlandskfjordfe(gråkolle) har kalva ein liten oksekalv, den har fått namnet Kimmi Tobias

Solveig dexter har og kalva ein nydeleg oksekalv. Mannen foreslo Dexter, men eg er litt i tenkeboksa enda:)

Dyra er framleis ute, og eg håpar vinteren held seg langt unna!

Scotty Lama er her på paringsteneste, så neste år håper vi på betre hell med mange føll:) Det blei ikkje noko føll på Rosita i år, så denne gangen skal Scotty få betre tid på seg enn over natta. Vi har også bestil oss lamahingst, ein på 1,5 år. Difor må vi selje Septimus, sia dei bere kjem til å slost å skade kvarandre. Lamaer er ikkje serlig forsiktige når dei slest, hingstar har kamptenner og, som dei kan rive skinnet av motstandaren med. Så dette er noko vi ikkje tek sjansen på...

Elles har eg både kalkunegg og hønseegg i rugemaskina, håper det vert noko:)

Følg oss på face book! mykje flinkare til å oppdattere der...

Eg er gravid og 80% sjukmeld, så o nokon er intrisert i å jobbe som avløysar her, så er det
 
Bileta av den rosa jenta ved fairtrade skapet er Saga, dottera mi (1,5). Ho prøver å vise at vi har mykje god Divine sjokolade inne no, hugs å kjøp før vi stengjer for sesongen!:) Ho som held påfuglkyllingane på knapt ei veke no, er Ronja(4) elste dottera mi
Det skjer mykje på garden for tida. Martine angora har 6 unger no som akkurat byrjer å få auger. 2 kvite og 4 svarte. Det er mogleg dei to kvite får angorapels, det får vi vente å sjå:) Faren er 50% angora.

Anda Dolly greidde å ruge ut to påfuglar av tre egg, bra jobba. Andegga ho låg på satidig greidde seg ikkje desverre, for det kom ingen andungar. Men håper vi rekk ein omgang til før hausten kjem.

Dei tre flaskelamma og grisane Nøffe og Jord er storkompisa. Dei søv inne i griseskure i lag i ein haug om natta. Ikkje heilt ideelt, då grisane går ut for å gjere frå seg, og sauene ikkje, men utruleg søtt:)

Anna går som vanleg fritt på tunet, men vi lurer på å setje ho innatt med andrikken for å sjå om han kan befrukte egga ho legg, hadde jo vore flott med nokre fleire andungar, då Ole, Dole og Doffen har vorte store. Det har derimot vist seg at Doffen er den einaste av hannkjønn, og dei to andre er hokjønn, så vi bør kanskje tenke på å gje dei nye namn... Mange som har vore ute etter å kjøpe desse kjekke snegleetande endene, man har foreløpig ikkje fått nok andungar til å selje nokon enda...

Desutan så skal vi i dag ller morgon få eit nytt dyr. Dette er eit dyr du mest sannsynelegvis aldrig har sett før, heilt nytt på desse kantane å vidt eg veit:)  Men eg seier ikkje kva det er! Då må du kome på søndag for å sjå:)

Sjokkokakkapappegøya har også lagt eit egg på garden, ute ein stad. Så er du heldig finn du gullegget på søndag!

Høyet er også kome i hus, og siloforet. Vi håper på ein noke lunde bra andreslått og, men hjorten plar ete opp den... Vi regulerer antall dyr etter kor mykje fôr vi har, spesielt kyrne et jo i hau og dungar!

Ta deg ein tur, og ver med på vår nye atraksjon, Kusafari! Opp i den spesialbygde traktorhengaren og ver med fram på setera å hels på kyrne vora:) Dei går fritt fram på stara, ja heilt til molladalen om dei vil, men om vi gjer dei litt tid til å gå, så har dei kome kvar gong vi har ropt på dei:) Go kuene mine:)


 
Picture
Fystkomande søndag opnar vi for sesongen, og planen er å halde ope kvar søndag fram til fyste søndag i september, 12-15. 50 kr per person. Kom å sjå kafèn som blei opna på tampen av forge sesong, her serverer vi nydlege sveler, kaffi og anna godt:) Det er fritt fram å ta med grillmat, for vi har grill både innei lavvoen og ute i friluft:)

Den svarte og kvite geita har kjea att! eit kvit og eit som er mest svart. Nokon som har namneforslag? den svarte er bukk og den kvite er geit, 2,5 veke gammle:) Ser eg manglar nærbilete, men det skal eg fikse:)

Dolly har endeleg greidd å ruge ut andunger, 3 stk, så då vart namna sjølvsagt Ole, Dole og Doffen:)

Elles er kyrne kome fram på setera, etter nokre veker med å gjere gardskjæringa galen med å stikke av heile tida.... Grønare på andre sida av gjerdet ja....

Kaninene er frittgåande for tida, men Martine angora går and å få tak i heldigvis. Det siste marsvinet er også frittgåande, men no er eg redd det er forsvunne, for det er fleire dagar sida eg har sett det. Mannen påsto at han såg det her om dagen, så eg håper det berre leikar gjømsel...
Picture
 
 
På sist laurdag blei det fødd heile 4 bukkekje! Desverre måtte vi take livet av eit av dei. for når eg kom i fjøset søndag kveld, låg det urøleg, og kunne ikkje røre seg. Kanskje har nokon stanga den i hovudet, det er i vertfall teorien... Det verste var at ho frå bygda som skulle kome å undersøkje bukkekjeet, sklei på glattisen framfor døra her, og braut handa.... Og eg som gløymde å seie at ho skulle vere forsiktig... Der var jo spegelblankt under snøven...

Kyrne koser seg i snøen. Dei får gå ut og inn som dei vil, og det er litt koseleg å følge med på dei gjennom vindauget:) Dei leikar seg og styrer på! Kalvane får opp ei sinnsvakt høg fart!

Problemet med å sleppe ut kyrne var mest det at då kunne dei gå inn til lamane, og drite der... Lamane er så reinslege, at dei besjer ikkje der som det er reint, men er det ei kurue der, vert det med ein gang toalett! Men no har vi klart å sperre av slik at kyr og kanskje også kalvar, held seg ute, medan lamane kan gå ut og inn som dei vil.) Takk og lov for ulik kroppsform:)

Frida og rose, dei to svarte mix ku og kviga vår er sende til slakteriet. I går fekk vi tilbake halve kviga som avtalt, så eg og mannen sto til midnatt og skar opp, laga kjøttdeig og fraus ned:) Så no har vi kjøt i lange baner:) Kua vog nesten 300 og kviga 154, slaktevekt altså. levandevekt er omlag det dobbelte, trur eg...

Dersom nokon vil kjøpe geitekje er det berre å gje lyd i frå deg:) Det er ikkje så lenge til Berte og Kanutte er leveringsklare.

det har og kome ein del kaninunger, 7 i talet no. Så om dei klarer seg vert det 5 løvehode og 2 angora-løvehode mix for sal om ei 6-7 veker:)

Noko du lurer på? Legg gjerne att ein komentar:)
 
Eit geitekje blei fødd i går kveld:) fødselen gjekk som normalt heilt uproblematisk, og kjeet fann fort spenane til mora.

Det er heilt rart, kor godt eg kjenner att lyden av eit nyfødd kje. Mekringa har ei heilt spesiell tone, og eg veit at det er kome eit nytt kje, lenge før eg ser det:) Kjeet har fått namnet Sofie:)

Eg las i avisa Mørenytt her om dagen, at kyr tolet temperaturer ned mot 0 grader... Vel her står no døra ut på garden ope heile døgnet, og kyr og kalver går inn og ut som dei vil. Det gjorde dei og i 9 minus. I dag var den minste kalven på 2 veker ute og sprong i snøføyka:) Dei storkoser seg ute, både store og små. No er dei fleste av mine kyr spesielt hardføre da, men og melkekyrne koser seg i korte perioder utandørs:) Eg har foresten lese at kyr ikkje bruker energi til oppvarming av seg sjølv, før temperaturen er under 15 -. sjølvsagt om det bles så vert kuldepåverkinga større, eller om dei ligg direkte på snøv, men det skal altså litt til for at dei tek noko som helst skade av kulda. Eg trur heller at bønder prøver, og bør prøve å halde temperaturen over 0 grader grunna vatn i fjøset. Under 0 grader er det som kjend ganske vanskelig å halde vatn flytande... Ein må ha varme i vassautomatane då, og det har vel dei ferraste. Nyfødde våte kalvar har det vel heller ikkje så koselig under frysepunktet, jamvel om dei ville nok ha greidd seg. Her på garden ville vetrinær helst ha det over 5 grader i fjøset med nyfødde kalvar.

Eg har og hatt utegangar gris, av den same typen som går nakne i fjøs på 25 grader. Dei har litt hår, og skal ha moglegheit til ein tørr og trekkfri liggeplass! Største grunnen til den høge temperaturen i fjøsane er ikkje kva dyra toler, men når dei må fyre opp kroppstemperaturen med kraftfor. Det vert nok mindre tilvekst og betrakteleg dyrare å fore opp gris dersom ein skrur ned temperaturen i fjøset. Det er jo ikkje fornuftig heller, å fyre med kraftfor om ein kan fyre med straum, men tanke på alle meneske verda skal fø... Men tykkjer ein kan opplyse folk om dette da... Slik at ein ikkje går rundt å trur at griser og kyr er fødte pingler, for det er dei ei!


 
Eg må sende nokre dyr til slakt, har for mange tykkjer eg. Så da vert spørsmålet om eg berre skal sende dei til slakteri, eller om eg skal få dei attende og selje kjøtet til folk i nærområdet.

Så, om du er intrisert, la meg vite kva du ynskjer. Kor store pakkar, kva pris bør eg halde meg under for kiloen o.l. Heilt uforpliktande foreløpig!

Får eg lite respons går
 
Det har diverre vorte så få besøkande no når vinteren har kome, at vi er tvungne til å slutte å ha ope kvar søndag. Men det er berre å ringe om nokon vil ha omvising eller selskap:) Sjå "tilbod" sida

Denne søndagen slepp vi kyrne ut på vintertur på tunet! Det vert liv det lover eg! Samt
 
Erdalen gard

Då har vinteren kome til Erdalen og. Med det så fekk kyrne kome inn i fjøset. Dei klarer seg fint ute jamvel om det er snø, men då fleire av dei ventar kalv, og dei treng ein del for, er det greiast for meg å ha dei i fjøset. Solveig har også fått ein liten kalv, og eg hadde litt lyst å verte kjend med den og. For utandørs er det omtrent umogleg å kome inn på dei. Så no har du sjansen til å kome veldi tett innpå kyrne i fjøset, kanskje tore du å klappe ei på hovudet? Kjem du i byrjinga av opningstida vår, så har du også sjansen til å prøve å mjølke for hand! For Emilie, godkua mi, let deg gjerne prøve deg. Eg skal vise deg korleis om du ikkje kan det, og vil vere attmed deg heile tida. Sist søndag var det fleire som prøvde seg, og alle klarte å få ut mjølk or juraJ

 

Geitene går ut og inn av fjøset som dei vil, men då snøen kom er dei mest inne. Dei ringborkar nokre tre ute, men det er og det einaste dei finn å ete. Så desse gomlar høy inne. Berte og Kanutte, killingane vore, held seg og mest innandørs. Desse kan du få kose med om du vil, dei har vakse litt, men er framleis mindre enn ein katt. Dei store kjea vert snart sende til slakteriet, slik er livet på ein gard.  Som gardbrukar har eg bruk for både pengane og plassen til andre ting.

 

Vi fyre både i stova og i lavvoen, berre ta med grillmat om de ynskjer. Velkomne!

Lamadama Lillian Auflem øye